Gå til artikkelen
10.700 fleire nordmenn er blitt fattigare, mens dei rike aldri har vore rikare, skriv Kjersti Toppe.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Helse er ulikt fordelt

Fasiten etter regjeringas første heile budsjettår er her. 10.700 fleire nordmenn er blitt fattigare, mens dei rike aldri har vore rikare, skriv Kjersti Toppe.

Publisert 03.01.2017 kl. 17.00.

Det viser Statistisk sentralbyrå sin publisert statistikk over de økonomiske ulikhetene ut frå 2015-budsjettet, det fyrste budsjettet regjeringa laga frå botnen. Tala er klåre: Regjeringa sin politikk har ikkje klart å nedkjempa forskjells-Norge. Forskjellane i samfunnet har tvert i mot auka. Den rikaste prosenten aukar sin del av den totale formuen med nesten eitt prosentpoeng i løpet av berre eitt år. Samtidig blei det omkring 10.700 fleire personer under fattigdomsgrensa. Av desse var det heile 4.600 barn.

 

Når fleirtalet på Stortinget denne stortingsperioden fører ein politikk som tillèt ein sosial skeivfordeling av økonomiske ressursar og inntekter i samfunnet, tillèt ein også at sosiale helseforskjellar får utvikle seg. Ein aksepterer endå større skilnader i helse, at helse fortsatt skal vere ulikt fordelt mellom samfunnslag.

 

Det er no 10 år sidan den rødgrønne regjeringa fremma si Stortingsmelding om nasjonal strategi for utjamne sosiale helseskilnader. Denne strategien har dagens helse- og omsorgsminister ikkje følgt opp. Då finansminister Siv Jensen heldt sin budsjett-tale for 2017, var folkehelse eller førebygging ikkje nemnt med eitt einaste ord. Både finansminister, helse- og omsorgsminister og helsepolitiske talspersonar frå regjeringspartia skryt uhemma av kor mange fleire pasientar som blir behandla på sjukehus no, enn før. Men er dette rett fokus? Burde vi ikkje skamme oss over at vi ikkje klarer å førebygge betre?

 

Regjeringas helsepolitikk burde bli målt på kor mange færre pasientar som treng behandling. Kor stor nedgangen har vore i nye tilfelle av dei store folkesjukdomane, som diabetes, hjerte-karsjukdomar, kroniske lungesjukdomar og kreft. Kva som er gjort for å hindre at folk treng hjelp frå helsevesenet, frå skulehelsetenesta, fastlegen eller spesialistar på sjukehus. At ein klarar å redusere skader og ulykker, og nå målet om reduksjon i skadeleg bruk av alkohol - og tobakksbruk.

 

Men det gjer vi ikkje. Vi måler nedgang i ventetider, og effektiviteten i sjukehusdrifta - kor mange pasientar ein klarar å behandle med minst mulig bruk av ressursar. Ein måler kor stor auke det har vore i helsestasjonsbudsjetta, men vi måler ikkje i kor stor grad vi har lykkast i å skape eit samfunn og ein politikk som gjer at færre treng hjelp frå helsesøster, fastlege , psykolog eller indremedisinar.

 

Senterpartiet meiner at målet med helsepolitikken aldri må bli å behandle flest mogleg pasientar eller sette nye rekordar i reduksjon i liggedøgn. Målet med helsepolitikken er å skape best mulig helse for alle. Å diagnostisere og behandle sjukdom er viktige samfunnsoppgåver. Førebygging av sjukdom er faktisk enno viktigare. Det er her regjeringa fell igjennom. Dei feilar på det mest elementære i helsepolitikken, nemleg folkehelsepolitikken.

 

Primærførebygging må løftast fram i helsepolitikken. Vi må gjere tiltak som hindrar at sjukdom oppstår og som reduserer risikoen for å få sjukdom. Senterpartiet vil difor prioritere å innføre 1 times fysisk aktivitet kvar dag i skulen, og gi norske born meir symjeundervisning. Vi vil igjen innføre gratis frukt- og grønt ordninga i skulen og starte innføringa av eit skulemåltid. Derfor vil vi satse enno meir på friluftsliv, og andre lågterskeltiltak for fysisk aktivitet. Derfor meiner vi at alkohol- og tobakksavgiftene må aukast og at vi må avgrense taxfree-ordninga.

 

Å sette inn tiltak som oppdagar sjukdom tidleg, før den gjer skade, er også viktig. Her er skulehelstetenesta, fastlegane og helsestasjon viktige. Senterpartiet har også føreslått øyremerka midlar til ein kommunal opptrappingsplan for psykisk helse i kommunane. Det trengs. For det er i kommunane at førebygging skjer. Dette må kommunane få moglegheit til å gjere, og vi styrkar kommuneramma med 2 millliardar. Derfor vil vi ha betre tilbod til heimebuande personar med demens, og gi alle rett til dagaktivitetsplass. Derfor vil vi ha fleire jordmødrer i kommunane.

 

Sølv om Senterpartiet prioriterer folkehelse og kommunehelseteneste, kuttar vi ikkje i midlar til sjukehusa for neste år, slik fleirtalet på Stortinget har gjort. Senterpartiet vil ha nærleik til tenestene, både for sjukehustenester, ambulanse og legevakt. Satsing på folkehelse vil ikkje gi innsparingar på sjukehusbudsjettet same året. Det er det som er politikk- å tenke og planlegge langsiktig. Det gjeld også i helsepolitikken.

 

Kjersti Toppe,
stortingsrepresentant for Senterpartiet