Gå til artikkelen

Historisk studiestart

Publisert 02.01.2017 kl. 05.00. Oppdatert kl. 08.44.

NÅR STUDENTAR og tilsette i dag tek fatt på det nye året heiter skulen og arbeidsplassen Høgskulen på Vestlandet (HVL). Den nye institusjonen er ei samanslåing av Høgskolen Stord/ Haugesund, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen i Bergen. HVL vil få 16.000 studentar og med det akademisk tyngde og mogelegheit til å vera ein motvekt til andre store utdanningsinstitusjonar.

 

BAKGRUNN: Farvel til HSH

 

 DEN FØRSTE lærarskulen på Vestlandet starta opp på Stord i 1839. Namnet var Storøens Seminarium. Stord blei valt fordi ein hadde ein sokneprest som var eigna til å styra ein slik skule, og fordi Stord låg også strategisk til med gode forbindelsar til Bergen. Seinare endra namnet seg fleire gonger, og i august 1994 blei Statens sikkerhetshøgskole, Haugesund sykepleierhøgskole, Stord lærarhøgskule og Stord sjuke-pleiarhøgskule slege saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Resultatet blei Høgskolen Stord/Haugesund.

 

KUNNSKAPSMINISTER Torbjørn Røe Isaksen har vore klar på at han meiner det har vore for mange og for små utdanningsinstitusjonar i Norge. Fusjonen skjer også etter sterkt press frå sentralt hald, og for HSH har det vore ein lang runde før ein samanslåinga no er i mål. Eit argument frå Røe Isaksen har vore at dei små høgskulane ville fått problem når den nye femårige masterutdanninga for lærarar blir innført frå hausten.

 

DÅ STYRET i HSH hadde sitt siste styremøte før jul kunne ein summera opp mykje positivt, men den store utfordringa er kompetansen i fagstaben. Det har vore den store akilleshælen dei siste 20 åra, og om ein lukkast her vil også vera det som er avgjerande for kva posisjon miljøet på Stord får i den nye Høgskulen på Vestlandet. I snart 180 år har utdanningsinstitusjonen prega Stord-samfunnet. Håpet er at ein lokalt klarer å utnytta mogelegheitene som ligg i fusjonen slik at institusjonen står endå tryggare enn før.