Gå til artikkelen

Jenter og sjølv­forsvar

Publisert 12.12.2016 kl. 03.45. Oppdatert kl. 11.18.

I SIST veke vart det arrangert eit sjølvforsvarskurs for jenter, særleg mynta på russejtner, eit tilbod som tidlegare berre har vore i storbyar. Arrangør var Hordaland Sosialistisk Ungdom (SU), i samarbeid med organisasjonen Jenteforsvaret. 16 russejenter deltok på kurset, som ikkje berre går på fysisk sjølvforsvar, men som også skal vera eit sjølvtillitskurs for jenter.

 

KURSET består av tre deler - ein førebyggjande, ein grensesetjande og ein fysisk del. Kurset tek føre seg konkrete utfordringar mange jenter møter i kvardagen. Dette kan vera alt frå frykt for å gå ute om kvelden etter at det har blitt mørkt, seksuell trakassering, problem med sjølvtillit, frykt for overgrep, til direkte vald mot kvinner. Eitt av måla med kurset er å gjera deltakarane bevisste på at dette er noko som ikkje berre råkar privatpersonar, men alle jenter som gruppe. Diskusjon og erfaringsutveksling er like viktig som fysisk å trena på sjølvforsvar.

 

I EI ideell verd skulle det ikkje vera naudsynt for kvinner å gå på kurs i sjølvforsvar. Eit nei er eit nei. Ein må likevel ta innover seg dei episodane som skjedde i fjor, då minst 11 russ melde om valdtekt under russefeiringa. Ifølgje Kripos skal fleire av desse ha grensa til overfallsvaldtekt. Det blei også meldt om fleire alvorlege valdtektsepisodar i vår. På kurset i sjølvforsvar som blei arrangert på Stord, fekk russen høve til å reflektera over eigne grenser, og samstundes enkle tips til forholdsreglar som ein sjølv kan ta.

 

HORDALAND SU skal ha ros for initiativet, men kanskje er dette noko som bør vera i regi av russestyret eller skulen i framtida? Og gjerne uavhengig av politisk parti. På denne måten er det lettare å nå ut til fleire på kullet. Og etter vårt syn burde eit slikt kurs også vore ope for gutar, nettopp for å førebyggja slike hendingar det har vore altfor mange av i russefeiringa dei siste åra.