Gå til artikkelen

Kampen om kronene

Publisert 18.11.2016 kl. 05.00.

STORD-RÅDMANNEN sitt budsjettforslag for 2017 har vekt uvanleg sterke reaksjonar. Ikkje minst på grunn av forslaget om å kutta i ei rekke førebyggjande tenester, inkludert SLT-koordinatoren og MOT-samarbeidet. Denne veka møtte fleire titals ungdommar opp på den opne budsjetthøyringa i komite for oppvekst og utdanning, for å protestera. Nærare 1.000 underskrifter hadde dei med seg, og det blei halde ei lang rekke sterke innlegg.

 

TIDLEGARE har det vore kampen mot eigedomsskatten som har utmerka seg mest. I kommunestyresalen, på cafear og i avisspaltene var dette i mange år det store spørsmålet. No er det ingen som snakkar høgt om å fjerna denne skatten lenger, uansett kor urettferdig han blir opplevd av mange. Grunnen synest å vera enkel: Med dagens økonomi er det ingen som ser korleis kommunen skal klara seg utan. I alle fall ikkje om det skal vera rom for nødvendige og sterkt ønskte investeringar framover.

 

FLEIRE AV partia, både i posisjon og opposisjon, har alt varsla at dei vil finna pengane som trengst for å vidareføra MOT-samarbeidet, og at også andre førebyggjande tiltak bør vera med vidare. Det gjer dei rett i. For sjølv om alt har ein pris, går det også an å spara seg til fant. Kutt i førebyggjande arbeid er ei god oppskrift, om det er målet.

 

MEN SJØLV om desse tiltaka i seg sjølv kostar lite i det store biletet, kjem ein ikkje unna at pengane må hentast ein stad. Tidlegare har det blitt ymta frampå at vedlikehald av kommunale bygningar må kunna reknast som investering, slik at ein også kan bruka pengane frå eigedomsskatten til dette. Spørsmålet no er om politikarane kjem til å seia det same om det førebyggjande arbeidet, og dermed gå vekk frå intensjonen om at eigedomsskatten ikkje skal inn i drifta.