Gå til artikkelen
Lysanlegget i Landåsen byrjar å skranta. No hastar det med å få på plass nye lys.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Lys i Landåsen

Publisert 21.11.2016 kl. 06.00. Oppdatert kl. 09.04.

SIDAN MIDTEN på 1980-talet har stordabuen sett lyset i Landåsen. No byrjar anlegget å skranta. Det som gjer saka ekstra problematisk er at lysanlegget er så gammalt og utdatert at ein ikkje lenger får tak i reservedelar. Det vil truleg kosta minst ein halv million kroner å skifta ut heile anlegget, og medan brukarane ventar på at noko skal skje, vert det berre mørkare og mørkare i det populære turområdet.

 

STORD KOMMUNE fekk 194.000 kroner i spelemidlar til lysløypa i 1986. Sidan den gongen er sjølve vegane ute i det enorme friområdet rusta opp fleire gonger. No syng lyset på siste verset, og spelemidlar kan igjen vera med og hjelpa til ei løysing til eit skifte av armaturar. Men her må også andre aktørar bidra, både kommune og næringslivet, sida ein berre kan få dekt inntil ein tredjedel ved hjelp av spelemidlar.

 

I FREDAGSAVISA tok ein av brukarane, Dag Foseid, til orde for ein fellesdugnad, der både privatpersonar og bedrifter deltek. For det er ingen tvil om at Landåsen og anlegget har gjort mykje for folkehelsa på Stord i mange tiår.

 

EIT VIKTIG mosjonstilbod står rett og slett i fare. Sett i lys av vegplanar som trugar området, trur eg det er viktig at me alle viser at Landåsen er viktig for oss. Me har eit kommunestyre som vil ha den nye firefelts europavegen i tunnel under dette området. Ved å gjera grep no viser me at me bryr oss om Landåsen og at me vil verna om han, uttalte Foseid. Me støttar han i dette, og vonar at gode krefter går i lag og syt for at ein her saman kan få lyset på att i dette viktige og populære området.