Gå til artikkelen

Må opp av senga

Publisert 09.01.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 09.17.

SPRINGBRETTET er eit tilbod i regi av Nav og Stord kommune. Dette er eit tiltak som tek sikte på å skaffa ungdom arbeid, eller få avklart framtidig utdanning. Dei som deltek får tett oppfølging. Tanken er å få personar ut av eit tilvære som passiv mottakar av offentlege ytingar og over i aktivitet. Hovudmålet er at den enkelte på sikt anten skal ta til med utdanning, eller koma seg i løna arbeid.

 

FRÅ 1. januar kom det eit nytt krav, såkalla aktivitetsplikt. Kommunar skal no stilla krav om aktivitet for personar under 30 år, elles vil det bli kutt i den økonomiske støtta. Kravet gjeld for unge under 30 år som er mottakar av sosial stønad. Eit slikt krav var noko som kommunane tidlegare sjølv kunne innføra. Frå 2017 er det lovpålagt, og regjeringa har sett av 60 millionar kroner til formålet i årets statsbudsjett.

 

AKTIVITETSPLIKT blir innført fordi det vil hjelpa fleire til å bli sjølvforsørgde med eiga inntekt, uttalar arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) til NTB. Dette var ein av forgjengaren, Robert Eriksson (Frp), sine fanesaker. Dette møtte han ein del motstand på, for slett ikkje alle meinte at eit krav om å stå opp om morgonen var rett medisin.

 

ERFARINGANE frå Springbrettet på Stord er gode, og me er usamde med dei som er imot eit aktivitetskrav. Erfaringa frå kommunar som allereie har innført krav om aktivitet er svært positive. Det fører til at mange kjem seg vekk frå trygd og over i arbeid. Og det må vel vera bra?

 

DET ER rundt 125.000 sosialhjelpsmottakarar i Norge, noko som kostar samfunnet rundt seks milliardar kroner årleg. Ikkje berre vil auka krav føra til at ein sparar på denne budsjettposten: Det viktigaste er at det bidreg til å auka livskvaliteten og ikkje minst sjølvkjensla for dei det gjeld.