Gå til artikkelen
Halvard Wiik (innfelt) tenkte å nytta dagane som pensjonist til å stella litt i heimen på Fitjar. Det gjekk absolutt ikkje bra.
Arkivfoto: JARLE KALDRÅSTØYL / Illustrasjonsfoto: COLOURBOX

No kjem også eg ut av skåpet

Når eg likevel hadde støvsugaren for handa, fann eg ut at eg skulle ta oska ut or omnen, skriv Halvard Wiik.

Publisert 06.01.2017 kl. 12.06. Oppdatert 09.01.2017 kl. 09.44.

Ein høyrer og les ofte om folk som «kjem ut av skapet». Dei trur, etter det eg forstår, at livet blir så mykje betre når dei endeleg får fortelja ålmenta om vanskelege private ting dei har bore på. Det er sjølvsagt også til stor gagn og oppbygging for oss alle at pressa snusar opp slikt og formidlar det vidare.

 

No er det min tur til å koma ut av skåpet. Eg kan ikkje forstå anna enn at mi historie må ha minst like stor allmenn nytte og interesse som mange av dei andre «skjebnane» me les om. Så no får det «bera eller bresta».

 

1. september 2013 vart eg pensjonist. Før den tid jobba eg frå kl. 08.00 til 15.30 på rådhuset. Kona mi var i helsevesenet, og på dagar med tidlegvakt var ho heime ein time før meg. Eg kom heim til «duk og dekka middagsbord» nesten kvar dag. «Adam var ganske lenge i paradis», men då datoen nærma seg byrja eg å få oppskriftsbøker o.l. til jul og merkedagar. Det var tydelege forventningar til neste kapittel i mitt liv. Dette gjorde at det vaks opp i meg eit ærleg ynskje om å gje noko attende til ho som hadde stelt så vel med meg i alle år. Difor var eg topp motivert til å ta over mykje av hennar rolle i heimen. Vaskemaskina og symaskina fann eg det likevel klokast å freda inntil vidare.

 

Kl. 08.00 stod eg opp og gav meg god tid med frukosten. Så fann eg fram oppskriftsboka frå bakaren i Lom. No skulle det verta heimebakte brød i huset. Eg følgde oppskrifta til punkt og prikke med eitt lite unnatak. Det stod 15 g. gjær, men eg kunne ikkje anna forstå enn at det var i knappaste laget til 3 store brød, så eg dobla dosen. Deigen skulle eltast i minst 15 min. Eg sette Kenwooden på kjøkendisken, og medan han gjorde jobben, sette eg meg inn i stova for å kosa meg litt med «Sunnhordland».

 

Men idyllen varde ikkje lenge. Eit kjempebrak, etterfølgd av eit forferdeleg spetakkel, fekk meg til å spinna opp av stolen og ut på kjøkenet der episenteret høyrdest ut til å vera. Der kom «Kenwooden» hoppande imot meg, medan deigklysene fauk vegg imellom. Så vart det heilt stille, leidningen rakk ikkje lenger.

 

«Jau, her vert det skryt å henta» tenkte eg etter å ha synfare slagmarka. Deig og sesamfrø overalt, og det var slege hol i den nesten nye parketten. Med andre ord, umogeleg å gøyma spora etter fadesen.

 

Eg skrapa saman deigfillene. I rein frustrasjon heiv eg dei bortover bakkane. Nokre kråker sat oppi trea hos naboen og såg interessert på. Utruleg nok var det framleis liv i «Kenwooden», men det høyrdest ut som «alderen ikkje kom åleine til han heller», for han knirka og knaka i alle ledd.

 

Neste steg i oppryddingsaksjonen var å støvsuga. Me har eigenmontert sentralstøvsugar med koplingspunktet for slangen på golvet. Eg bøygde meg og opna loket for å setja i slangen. Då ramla mobiltelefonen, ein liten og slank Nokia av eldre type, ut av brystlomma mi og rett ned i holet. Eg kunne så vidt sjå i han der han stod kilt fast nedi røyra. Eg laga krok på ein streng og prøvde å fiska opp telefonen, men fekk ikkje skikkeleg napp. Attpåtil byrja han å ringja. Kva gjer eg no? Heldigvis har eg min yrkesbakgrunn frå offentleg sektor. Der er me kjende for å vera handlekraftige og å finna raske og kreative løysingar. Erfaringa kom meg no til hjelp. Eg sprang ned i kjellaren og kopla støvsugarslangen over frå innsugings- til utblåsingsrøyra. Oppe igjen trykte eg start, og der kom mobiltelefonen fykande som eit prosjektil. Han ringde enno, så eg tok han og sa på høvisk kommunalt vis «Wiik versegod».

 

«Kva er det du balar med - du er så treg med å ta telefonen», sa stemma til bror min.

 

«Eg fiskar» sa eg, «og då er det ikkje så enkelt å få fat i telefonen».

 

Når eg likevel hadde støvsugaren for handa, fann eg ut at eg skulle ta oska ut or omnen. Eg var aldri særleg rask når kona mi bad meg om å det. Difor kjøpte ho seg eit oskespann som ho kunne kopla til støvsugaren, og då er det berre å stikka tuten inn i omnen så er oska i spannet på ein blunk. Eg hadde smugkikka på korleis ho handterte innretninga, men så langt hadde eg ikkje gjeve tilkjenne at eg kunne vore i stand til å ta jobben. Men no var tida inne. Eg trykte på startknappen for oskesuging. Det eg ikkje hadde tenkt på var at støvsugaren stod på utblåsing. Ei oskesky fylte stova så det ikkje var råd å sjå forskjell på opp og ned eller aust og vest. Til slutt fekk eg stoppa den ukontrollerte utblåsinga og famla meg hostande fram til næraste naudutgang. Då eg hadde fått så mykje oske ut av augene at eg byrja å sjå dagslys, vart eg møtt av eit miserabelt syn. I baderomsspegelen stod ein nedstøva grå figur som henta rett ut av ein grøssarfilm med aldersgrense 18 år.

 

Ja ja, så var det å dusja, lufta, tørka støv, kopla om støvsugaren, støvsuga og til slutt vaska golv. Vaskemaskina våga eg meg ikkje i kast med, så eg stod godt gøymd nedanfor huset og rista på skjorte og bukse til eg verkte i armane. No var klokka blitt nærare eitt.

 

Etter fem min. rekreasjon i godstolen, stakk eg hovudet ut for å trekkje litt frisk luft før eg skulle byrja å laga middag. Men kva var det? Borte på bakken låg ein svart klump, stor som ein velvaksen fotball, og med nokre merkelege utvekstar på. Ved nærare ettersyn viste det seg å vera ei sprekkeferdig dau kråke. Eg ana straks uråd. Det meste av deigrestane eg hadde kasta ut var nok blitt til kråkemat. Med dobbel dose gjær i deigen, og ein kroppstemperatur som er optimal for god gjæring, måtte det gå gale. I flg. Lov om dyrevelferd kan det vera straffbart å vera så tankelaus. Eg kikka meg difor forsiktig rundt om eg var observert, men såg ikkje andre enn naboen sin katt som kom snikande på sin daglege runde for å prøva å fanga ein av raudstrupane som kona mi er så glad i.

 

Plutseleg bråstoppa han, skaut rygg og freste før han forsvann som eit lyn bak næraste hushjørne. Ut under buska, der han hadde håpa og finna raudstrupen, kom eit svart oppblåst monster sakte vaggande med vengene på slep. Det var kråke nr. to. Det vesle eg såg av beina stod i 45 graders vinkel i høve til kroppen. Nebbet stod på vid gap og eg såg berre kviten i augene på ho. Det kan vera straffbart å etterlata dyr i hjelpelaus tilstand, så eg fann ein staur og gjorde det som situasjonen tilsa måtte gjerast. Noko godt kom det trass alt ut av dette. Kattaremjinga som plaga oss om kvelden, og kråkeskrika som vekte oss om morgonen, var det slutt på nesten heilt til jul.

 

Ein halv time til middag. Ingenting klart. Men eg rakk det. Ein stivfrosen fiskepudding, via mikrobølgjeomnen og rett på steikjepanna samen med lauk, samt ein pose Toro potetmos, gjorde susen. Eg rakk akkurat å slengja meg i godstolen med avisa før det gjekk i døra.

 

«Godt å sjå deg. Middagen er klar» sa eg. Kanskje hadde ho sett for seg ein litt meir avansert middag, men forstandig som ho er klaga ho ikkje. Ho berre spurde kva eg hadde balt med i dag. Strategien min var å fortelja det eg måtte fortelja, og så lata resten vera usagt. «Husarbeid» sa eg. «Forresten datt Kenwooden i golvet då eg skulle laga heimabakt brød til deg, så det har blitt eit hakk. Byrjar han å trøbla kjøper eg ny. Og så har eg tømt oska, tørka støv, støvsoge og vaska både kjøken og stova.». Opplegget verka. Ho såg i alle fall fornøgd ut og spurde ikkje noko meir. Og eg har til denne dag vore trufast mot det gamle rådet: «Det ein veit, veit ingen - det to veit, veit alle».

 

 

Aktløysa mi, som førde til at to uheldige kråker ikkje lenger er i blant oss, kunne i verste fall ført til eitt års fengsel. Straffelova §86 seier at slike brotsverk vert forelda etter to år. For å vera heilt på den sikre sida, har eg likevel venta i over tre år før eg no kjem ut av skåpet, og det kjennest frigjerande. Som tidlegare nemnt, reknar eg med at også mi historie kan vera av stor allmenn interesse, og kanskje til og med til hjelp og trøyst for nokon.

 

Ved dramatiske hendingar er det viktig at næraste pårørande vert orienterte før pressa. Difor har eg funne det rettast å leggja heile saka fram for ho som eg delar bord og seng med. Roleg som alltid sa ho ganske enkelt: «Er dette sant så er det ei god historie. Er det ikkje sant så er det godt loge».

 

Halvard Wiik,
Fitjar