Gå til artikkelen
Sigmund Kroka meiner eit parkerings­anlegg under Vidsteensparken i Leirvik sentrum kan vera ein god idé. Her frå ei 17. mai-feiring.
Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Nye parkerings­plassar i sentrum?

Det har ved fleire høve vore drøfta fleire parkerings­plassar i sentrum, men ingen har nådd fram i debatten, skriv Sigmund Kroka.

Publisert 30.12.2016 kl. 03.45. Oppdatert kl. 12.47.

Kva med å sjå til Tromsø by? Parkeringshuset ligg inne i fjellet, parallelt med sentrum. Fleire ut- og innkøyringar mot byen og gangtunnel. Det er også ut/innkøyring på austsida og i sør. Eit skikkeleg flott anlegg.

 

Eg tenkjer me har same mogelegheit i Leirvik om me tar i bruk området under Vidsteensparken, med inn- og utkøyring ved gamle postgarasjane, gangtunnel ved Stomas/Torgbygget, kanskje kan ein og laga toalettanlegg ved gangtunnelen? Vidare må ein ha inn/utkøyring ved Turnhallen, kanskje i område ved Møllebrua?

 

Mogelegheitene er mange om me tek i bruk området under Fengselet og Vidsteensparken. Kanskje ein på sikt kan tenkja trapp/heis opp til Vidsteensparken ved ein eventuelt ny paviljong ein gong i forhåpentleg nær framtid? Parkering under og ny tilkomst til Parken?

 

Anlegget bør byggjast av private og med liknande betaling som på Amfiet, er det nokon som grip ideen?

 

Sigmund Kroka