Gå til artikkelen

Plast i naturen

Publisert 17.02.2017 kl. 03.45. Oppdatert kl. 09.47.

DET HAR vorte eit stort engasjement i heile landet, og særleg langs kysten, etter at ein sjuk kval stranda i fjøresteinane på Sotra for nokre veker sidan. Både forskarar og folk flest blei sjokkerte då det viste seg at magesekken inneheld 30 små og store plastposar, noko som gjorde at kvalen ikkje fekk i seg naudsynt føde, og dermed døydde.

 

BLANT dei som no har engasjert seg er «Miljøpatruljen» i Sævarhagen FUS barnehage, som denne veka var ute på endå ei tur for å samla boss i strandkanten. Det er ikkje første gongen, og både små og store er overraska og bekymra over kor mykje søppel som ligg og flyt. Det er dei langt frå åleine om. Også andre som brukar arbeids- eller fritida si til å rydda rapporterer om store mengder.

 

NATURVERNFORBUNDET er blant dei som vil ha forbod mot både plastposar og plastbestikk og meiner det hastar. Erik Solheim i Naturvernforbundet viser til at plastposar er veldig skadelege for naturen, både som heile posar og når dei blir delte opp til mikroplast, noko mange dyr tar skade av. Han oppmodar Stortinget og regjering til å gjera noko med dette no. At plastposar skulle vera eit lite miljøproblem i Norge, slik dåverande Statens forureiningstilsyn konkluderte med i ein rapport i 2008, er han ikkje einig i.

 

DET POSITIVE med kvalen som døydde er at saka har fått augo opp på folk. Men dette er sjølvsagt mest trist, tankevekkjande og skremmande. Det er rekna ut at det berre i Nordsjøen finst 600.000 tonn plast, som ikkje flyt, men ligg på botnen. Det tek 10-20 år å bryta ned ein plastpose, medan det tek 450 år på å bryta ned ei plastflaske. Meir ein éin million sjøfuglar døyr kvart år som følgje av plast i magen. Noko må gjerast, og det fort. Eit plastposeforbod, slik dei har i fleire andre europeiske land, kan vera ein grei plass å starta, og ei slik innføring bør ikkje ta lang tid.