Gå til artikkelen
Kaare Songstad er politimeister i Vest politidistrikt, og er om dagen i hardt vêr.
Arkivfoto: PER EGIL LARSEN

Politiet og tillit

Publisert 16.11.2016 kl. 05.00. Oppdatert kl. 10.27.

NOK EIN GONG har dei dukka opp ei sak som set Vest politidistrikt i dårleg lys. Sist gong var det manglande etterforsking av drapet på åtte år gamle Monika, og korleis dei som kjempa for meir etterforsking vart frosne ut. I helga kom det fram i VG at polititoppar vekkprioriterer grove narkotikasaker, og kjeftar på spanarar som gjer jobben sin. For å «pynta» på statistikken arresterte dei brukarane, og ikkje bakmennene - fordi det fører til for mykje arbeid i etterkant.

SUNNHORDLAND blei ikkje høyrde i politireforma i fjor. Stord, Fitjar og Bømlo vart plasserte i distrikt Sør-Vest, medan Tysnes og Kvinnherad skal høyra til politidistrikt Vest under Bergen. Samstundes har kommunalkomiteen slått fast at dersom kommunar som høyrer til ulike distrikt slår seg saman, skal den nye storkommunen tilhøyra distrikt Vest.

LOKALE POLITIFOLK såg ikkje særleg lyst på å vera med i ei omorganisering i eit nytt politidistrikt for deretter å seinare bli flytta til eit anna. Lokalt er det heller ikkje tvil om at ein frykta for dei politiressursane ein har. Fordelinga av nye politistillingar og fjerninga av utlendingssaker frå Stord lensmannsdistrikt var avgjerder som bles liv i desse tankane. Lokale politileiarar la i prosessen ikkje skjul på at dei frykta at Stord kan bli ein tenestestad under Haugesund i staden for ei meir autonom driftseining som i dag.

MED TANKE på den ukulturen som no endå ein gong kjem fram i Vest politidistrikt, er me som publikum og brukarar glade for at dei lokale lensmannskontora høyrer heime under ein politimeister som sit i Stavanger. Sjølv om me ikkje har inngåande kjennskap til kva som skjer og rører seg i etaten, verkar det på utsida som om den lokale organiseringa har funne sin form og fungerer bra. Politiet er avhengige av tillit. Me kan ikkje sjå at dei stadige negative sakene ved politikammeret i Bergen akkurat bidreg til det.