Gå til artikkelen

Ser lyst på 2017

Publisert 04.01.2017 kl. 05.00.

STADIG FLEIRE bedrifter går konkurs, og det er verst i vest. Dette var meldingar som gjekk att i 2016, og som heilt sikkert stemmer. Men ikkje for Sunnhordland sin del. For dei tørre tala frå Sunnhordland tingrett viser at talet på konkursar i fjor ikkje var særleg verre enn i 2015. Bortsett frå i Kvinnherad var det nokså stabilt. Men her omfattar konkursen i Eide-konsernet åleine fire selskap og ei gjeld på over ein halv milliard kroner. Utover dette er det få store konkursar å snakka om i vårt område.

 

SJØLV OM mange ekspartar uttalar at oljebotnen ikkje er nådd, så er det mange teikn som tyder på betre tider: Børsen hadde ein fin auke i fjor, kronekursen er betre enn på lenge, rentene er framleis låge og oljeprisen, som for eitt år sidan var på 27 dollar, ligg no på rundt 57 dollar, og det er venta ytterlegare auke i 2017.

 

LOKALE BANKSJEFAR ser iallfall ingen grunn til å svartmåla situasjonen. Både Einar Almås i DNB og Jan Arild Nesse i Sparebanken Vest uttalar i dagens avis at dei er imponerte over korleis kundane deira har takla det tøffe året som er lagt bak oss, og at dei difor ser lyst på året som nett er starta.

 

VÅRT INNTRYKK er at næringslivet i Sunnhordland har komme seg gjennom ei krevjande tid på ein betre måte enn det me kunne forventa då oljeprisen fall så dramatisk. Det er ei imponerande evne og vilje til omstilling hjå vestlandsbedriftene og mange skaffar seg fleire bein å stå på. Sjølv om det er for tidleg å avblåsa alle utfordringar, registrerer me at optimismen stig, og me ser, i likskap med dei to banksjefane, heller ingen grunn til å vera negative for året som ligg føre oss.