Gå til artikkelen
Janne Hillersøy er plan- og kommunikasjons­ansvarleg i SIM.
Arkivfoto: MARIUS KNUTSEN

SIM er på lag med naturen

Publisert 10.01.2017 kl. 05.00.

Kjell Larsen spør i eit lesarinnlegg 3.1.17 om SIM er på lag med brukarane. Jo, sjølvsagt er SIM på lag med brukarane, men SIM er fyrst og fremst på lag med naturen og miljøet. Noko me òg reknar med våre kundar er. Dermed er me vel på same laget? Og når er ein er på same lag, då handlar det om lagspel. I lagspel skal ein som kjent hjelpe kvarandre slik at laget vert best mogeleg for å nå målet, anten det gjeld å vinne ein fotballkamp, dra i land ein storkontrakt eller ta vare på miljøet.

 

Me skal ikkje diskutere kor vidt SIM tek «hemningslaust grovt» betalt eller om det «kostar både sjel og skjorte» å levere avfall til SIM. Det får stå for Larsen si rekning. Det er likevel på sin plass med litt faktaopplysningar:

 

1. SIM er ikkje finansiert av skattebetalarane sine pengar. Det er rett nok skattebetalarane som er kundar av SIM sine tenester, på same måte som skattebetalarane er kundar på matbutikken. Det er ikkje som ein sjukehusplass, som jo er finansiert av skattepengar og som dermed gjev deg ein rett til bruk når du treng det. SIM sine tenester er finansiert med bakgrunn i forureiningslova, som seier at det er forureinar som skal betale for avfallet. Altså det er den bruker tenesta som skal betale for å bruke den. Det vert som om når du bestiller ein drosje av di du treng fraktast frå A til Å, så må du rekne med og betale for den tenesta. Den er ikkje betalt på førehand av nokon, men skal betalast av den som bruker tenesta. Slik er det med avfall òg. Skal du kaste avfall, så må du betale for å få kaste det. Det er ingen som har betalt for dette på førehand.

 

2. Når det gjeld SIM sine miljøsentralar er desse bygd opp etter det same prinsippet, men fordelinga internt er litt annleis, av di me er eit interkommunalt selskap som har fleire omsyn og ta. Kort fortalt er fordelinga på våre miljøsentralar laga slik at du som abonnent hjå SIM har betalt litt for å bruke miljøsentralen gjennom gebyret, dermed kan prisen for deg når du bruker ein av våre milljøsentralar haldast litt lågare, enn om du ikkje hadde betalt noko frå før. Ein næringskunde er ikkje abonnent hjå SIM og har dermed ikkje betalt noko for denne tenesta på førehand. Dersom næringskundar skulle betalt det same som privatkundar hadde du som privatkunde vore med og sponsa den næringsdrivande. Og nei, Kjell Larsen, det er ikkje noko som vart vedteke på danskebåten. Det er ikkje noko me treng vedta i det heile. Det er logikk.

 

3. Du samanliknar oss med eit anna renovasjonsselskap som har gratis levering til sine miljøsentralar inntil ein viss mengd, men du tok ikkje med at deira gebyr for ein 240 l dunk er 3 916 kr per år. Medan SIM sitt gebyr for nokon lunde tilsvarande er 2 336 kr per år. Dermed kan det sjå ut til at for å få gratis levering har innbyggjarane der betalt meir via gebyret enn dei gjer i SIM- området. Dette veit me ikkje for det vil uansett vera feil og samanlikne SIM med eit anna selskap for me har ikkje god nok kunnskap om korleis dei andre fordelar sine inntekter og utgifter. Det vert som å samanlikne eple med pærer, dei er begge frukt, men har ulike eigenskapar og kvalitetar.

 

Janne Hillersøy,
plan- og kommunikasjonsansvarleg i SIM

Rune Sandvik,
styreleiar i SIM