Gå til artikkelen
Utan refleksen på, er det ikkje lett å sjå mjuke trafikantar.
Arkivfoto: Per Ove S. Husevik

Sjå og bli sett

Publisert 16.12.2016 kl. 05.00. Oppdatert kl. 13.10.

EIN TRAFIKKONTROLL ved to skular tidlegare i veka avdekte at fleire går langs vegen utan refleks. Det likar politiet dårleg. Mange barn utan refleks, i tillegg er det syklar utan lys. Me oppmodar foreldre om å ta grep, skreiv Sør-Vest politidistrikt på Twitter etter kontrollen. Dette enda opp som ein liten notis i onsdagsavisa, sjølv om temaet her er så viktig at det burde vore eit stort oppslag.

 

I FJOR var det 13 dødsulukker i Norge der fotgjengarar var involverte. Av fem påkøyrde fotgjengarar i mørke var det tre som ikkje hadde på seg refleks. Forsikringsselskap, Trygg Trafikk, Statens vegvesen og politiet har i mange år masa om refleksbruk, men diverre ser me altfor mange som syndar mot dette. I ei fersk, landsomfattande undersøking i regi av YouGov svarar seks av ti bilførarar at dei har opplevd nestenulukker med fotgjengarar utan refleks.

 

DETTE er eit skremmande høgt tal, og marginane er små der ute i mørket. Ein bilist kan sjå ein fotgjengar utan refleks frå 25-40 meter. Brukar ein refleks, blir denne avstanden fire-femdobla, med nærlys. Med fjernlys kan ein bilist sjå ein forgjengar med refleks på meir enn 400 meters avstand.

 

DET ER forferdeleg skummelt i desse tider med regn og mørke. Me har ingen å mista. I desse travle førjulstider ber me foreldra om å sjå til at ungane er synlege i trafikken. Ungane veit gjerne ikkje alltid kor viktig dette er, men foreldra bør tenkja seg om og beskytta sine små best mogeleg, oppmodar operasjonsleiar Håkon Tornes i Sør-Vest politidistrikt. Me kunne ikkje sagt det betre. Difor kjem me aldri til å slutta å masa om bruk av refleks.