Gå til artikkelen

Starthjelp til batteridrift

Publisert 21.12.2016 kl. 05.00.

FREDAG JUBLA lokalt næringsliv etter meldinga om at utviklinga av Urban Water Shuttle har fått 20 millionar kroner i statleg støtte. Prosjektet er ein hurtigbåt utan skadelege utslepp til luft og sjø, og er utvikla av lokale verksemder i samarbeid med Maritime CleanTech. Den nye støtteordninga Pilot-E gjev verksemdene støtte frå utviklings- og designfasen, og dersom ein klarer å levera som forventa, heilt fram til båten er ferdig produsert.

 

TORLEIF Stokke, administrerande direktør i Servogear, seier i måndagens avis at det er mange i verda som no kappast om å vera først ut med teknologien, og støtta gjev dei mogelegheita til å nytta forspranget ein har skaffa seg. Han peiker på at dette er eit eksempel på at lokale bedrifter spelar kvarandre gode, og at kvar og ein ikkje hadde klart dette åleine, og ikkje utan Maritime CleanTech.

 

I MARS 2011 blei det som då heitte Maritime Clean Tech West etablert. I utgangspunktet var det åtte verksemder, og målet var å utvikla energieffektive løysingar for den maritime næringa. Seks år seinare har klyngja vakse og har no deltakarar frå 62 ulike verksemder mellom Stavanger og Bergen, med hovudvekt på Sunnhordland og Haugalandet.

 

HURTIGBÅTEN Urban Water Shuttle skal etter planen gå mellom Askøy og Bergen sentrum når piloten er klar. Hege Økland har forventingar om at den første hurtigbåten skal vera på sjøen innan tre år. Det siste milliondrysset viser styrken det er i klyngjesamarbeid. Kvar og ei av verksemdene som deltek har spisskompetanse på sine felt. Den kompetansen blir endå meir verdifull når ein klarer å kopla han saman med andre inn i eit større prosjekt.

 

FOR REGIONEN vår er dei 20 millionane til Maritime CleanTech ei gladmelding i eit år som har vore prega av oppseiingar og arbeidsløyse. Det gjev optimisme å sjå at når verda og bransjen snur seg mot meir miljøvennlege alternativ, så er verksemder i vår region i rute, og kanskje til og med i førarsetet.