Gå til artikkelen
Geir Martin Økland er styreleiar i Stord Kristne Skule.
Arkivfoto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Stord Kristne Skule

Publisert 13.06.2016 kl. 17.00.

Det siste året har vi jobba med fleire tomtealternativ, egna til skule. Vi har no landa på eit alternativ i Heianeområdet, og har no fokus på å skaffa finansiering, slik at vi kan få kjøpa denne tomta, og starta opp hausten 2017. Det er ei tomt som ligg fint til både i forhold til bussforbindelse og fortau. Vi kjem til å ha eit informasjonsmøte i kveld på Utbygdo grendahus for foreldre og andre som er interessert i kristen skule på Stord. Vi får då besøk av Olav Solid, som i mange år var rektor på Nordhordland Kristne Grunnskule. Han er no leiar i KP-Nett. Det er eit nettverk med til saman 17 kristne skular, fordelt over store delar av landet. Han vil blant anna fortelje om den positive påverknaden ein kristen skule har på elevane, og vidare kva ringverknader det skapar i lokalsamfunnet. Vi vil væra eit positivt supplement til den offentlege! Som kommunen uttalte under høyringa, før vi fekk godkjenninga: I utgangspunktet ser kommunen mange fordeler med større variasjon i skule tilbodet og meir valfridom for innbyggjarane. Då vi fekk godkjenninga uttalte rådmannen også, at han ser at ein privatskule kan vera positiv for lokalsamfunnet.

 

Det nokon var bekymra for, var dei økonomiske konsekvensane ein friskule ev kunne medføra. Vil i den samanheng trekkje fram at sjølv om kommunen etter 2 år vert trekt for kvar elev som har byrja på ein friskule, vil pengane som til saman kjem inn på landsbasis, bli fordelt ut igjen til dei same kommunane. Då med ei justering i forhold til om ein har fleire eller mindre elevar i friskule enn på landsbasis. Har ein like mange som landsgjennomsnittet, får ein igjen det same beløpet som vart trekt. Har ein fleire, får ein mindre, og har ein færre får ein meir. Jmf. «grønt hefte». Dermed er det mogeleg at kommunen vil tena på friskulen.

 

Hovudmålet med å ha ein kristen skule, er å sørgja for at foreldre, på bakgrunn av menneskerettane og norsk lovverk, skal kunna sende borna sine til ein skule som har eit kristent fundament. Slik var den norske skulen tidlegare, då ein byrja dagen med bibelsoge og Fadervår. Vi trur at den kristne arven, har gjeve Noreg grunnlaget for å verta eit av verdas beste land å bu i. Dette er noko som er verdt å hegne om! Ut ifrå denne grunnen, vil undervisninga verta i tråd med godkjende læreplanar og rammer.

 

Ein annan fordel med Stord Kristne Skule er at vi får mindre elevar på kvart trinn. Vi har no eit maksimal tal på 15 elevar, totalt 150 elevar ved fullt utbygd skule. Vi vil fokusere på å gje alle elvane tilpassa utfordringar, også dei som ligg i det øvre sjiktet. For å bli betre til det, vil vi få kursing av Johanna Raffan, som har undervist folk frå heile verda, i å gje tilpassa undervisning til dei evnerike. I tillegg ønskjer vi å væra ein skule som har god kontakt med lokalt arbeidsliv.

 

Vi vil avlasta Langeland skulekrins, slik at det vil ta lengre tid før foreldra i Kåreviksmarka må senda borna sine til Kjødnalio skule. Slik som det er lagt opp til i Skulebruksplanen, når Langeland skule når maksimalt elevtal. Ein nær-skule vil også bidra til at færre treng å køyra elevane til skulen, og spara miljøet.

 

Den offentlege skulen på Stord, er ein god skule! Vi vil heia på den, og samarbeida der det legg seg til rettes. Vi håpar at vårt supplement til skulefloraen på Stord, vil verta til inspirasjon for dei andre skulane. Vi trur at alle ville vorte glad, dersom det kom ein liten skule i Kåreviksmarka, slik det lenge var lovnader om. (Den kommunale skuletomta ligg på oppsida av Kåreviksmarka barnehage). Vonar difor at flest mogeleg vil sjå positivt på ein ny skule, i denne skulekrinsen. Dette vil vera ein kristen skule, men ein må ikkje væra personleg kristen for å gå på den. Det viser seg at kristne friskular får elevar frå alle samfunnssjikt og religiøs bakgrunn. Vil oppfordra flest mogeleg til å støtte opp om initiativet, på den måten ein kan, og til å komme på møtet i kveld.

 

Geir Martin Økland,
styreleiar i Stord Kristne Skule