Gå til artikkelen
Store tal er vanskelege å forstå seg på, men det må likevel korrigeras, meiner talknusar Gisle Tjong.
Arkivfoto: JARLE KALDRÅSTØYL

Store tal er vanskelege å forstå seg på

Publisert 08.01.2017 kl. 14.00.

Geir Angeltveit (V) og John F. Tonnesen (MDG) skriv i eit lesarbrev at det er 1,4 milliardar kubikkmeter vatn i verdshava. Det er ein mildt sagt grov feil. Det rette er 1,4 milliardar kubikk-kilometer. Og det er éin milliard gonger meir. Eller 0,2 kubikkilometer per menneske.

 

Tilsvarande 700 stk 285.000-tonnarar, altså for kvart menneske på denne planeten. Omgjort til volum per menneske, er det som ein terning med sideflate ca. 575 meter. For kvar og ein av oss. Eller 190 millionar kubikkmeter. Eller 190 milliardar liter.

 

1,4 milliardar kubikkmeter ville ha vore 190 liter på kvar av oss. Mindre enn eit badekar, med andre ord.

 

Store tal er vanskelege å forstå seg på, men det må likevel korrigerast.

 

Skule Pettersen seier at miljøvernarane og politikarane ikkje skjønar fysikk og kjemi. Ikkje skjønar dei matematikk heller, vil eg påstå.

 

Gisle Tjong