Gå til artikkelen

Stort behov for språk­praksis

Publisert 14.12.2016 kl. 05.00.

STADIG FLEIRE flyktningar blir busette på Stord. No treng dei praksisplassar, noko det er stor mangel på, etter at politikarane vedtok å auka talet på flyktningar som skal busetjast i kommunen. Mikiele Abraham Gebremariam (24) er éin av dei heldige. Praksisplassen hjå Grov Elektro er ein kombinasjon av språktrening og eit høve til å bli betre kjend med yrket. Både han og arbeidsgjevaren er nøgde med samarbeidet.

 

DET ER Nav som har ansvaret for å finna språkpraksisplassar, og i dag er det deltakarar i praksis i 18-20 bedrifter. Men behovet er langt større. Sjølv om dei ansvarlege i Nav føler dei har eit godt samarbeid med både private og offentlege verksemder, ønskjer dei at langt fleire blir med. I første omgang er det behov for 15 nye praksisplassar, men i løpet av neste år treng ein minst 40 til.

 

HOVUDMÅLET med programmet, som varar i to år, er at deltakarane skal kvalifisera seg til norsk arbeids- og samfunnsliv gjennom norskopplæring, førebuing til arbeidsliv eller vidare utdanning og innføring i det norske samfunnet. Dei som jobbar med dette ser kor viktig der er at alle tek samfunnsansvar no når kommunen har teke på seg å busetja såpass mange i dei næraste åra. Eit slikt vedtak stiller store krav både til kvalifiseringa og integreringa i samfunnet vidare.

 

SPRÅKPRAKSIS er ein stor del av denne kvalifiseringa, og kan gjera deltakarane til sjølvstendige samfunnsborgarar. Arbeidslivet er ein viktig arena for dei fleste av oss og ein berebjelke i det norske velferdssamfunnet. Der får me både yta fagleg og vera sosiale som menneske. Arbeidslivet er difor den beste arena for vellukka integrering, og me håpar difor at fleire bedrifter stiller seg positive til å bidra.