Gå til artikkelen

Ta jule­handelen lokalt

Publisert 05.12.2016 kl. 05.00.

MANGE er godt i gang med julehandelen, medan andre ikkje har starta. Uansett kor langt ein er kommen: Det er desse tre kommande vekene som er dei beste og viktigaste for handelsstanden. Årets statistikk viser at kvar nordmann i år vil julehandla for heile 11.120 kroner. Det er gjennomsnittleg 300 kroner meir enn i fjor. Julehandelen har - med nokre få unnatak - stige jamt og trutt sidan 1984. Men det betyr ikkje nødvendigvis at me kjøper så mykje meir enn før: Auken i årets julehandel skuldast først og fremst auka prisar og ein ekstra handledag.

 

LOKALT har dei store aktørane fått ein svært god inngang til årets julehandel: Både ved Amfi Stord og Heiane Storsenter vert det meldt om rekordomsetnad i november generelt, og «Black Friday» spesielt. Men som dei seier: Dette har ikkje noko å seia for korleis julehandelen blir. Likevel legg ikkje senterleiarane skjul på at dei har stor tru på handelen i desember.

 

SAMSTUNDES som handelen stig til nye høgder kvart år, vert det større fokus på miljø, måtehald og alternative gåver, noko som er bra. Kjøpefesten og forbruket må ikkje ta overhand. Samstundes er det viktig at nordmenn også brukar pengar. I den økonomiske nedturen landet, og særleg Vestlandet, er i for tida, er det også viktig med eit visst forbruk - for å halda hjula i gang.

 

UANSETT kor mykje ein har tenkt å bruka til årets julegåver, vil me sterkt oppmoda om å bruka pengane lokalt. Ein bytur er alltid kjekt, og mange brukar tida på å surfa etter dei beste tilboda på internett. Men ved å handla lokalt, bidreg ein til å halda oppe lokale arbeidsplassar, og dermed inntekter til kommunane. Berre i Stord kommune er nærare 1.000 personar tilsette i handelsnæringa. Ein arbeidsplass i ein butikk er like viktig som ein arbeidsplass i industrien, Hugs det når du skal handla neste julegåve.