Gå til artikkelen

Tradisjonen tru

Publisert 23.12.2016 kl. 05.00.

I MORGON er det klart for julaftan. Det er den største dagen i heile året, i alle fall for dei yngste av oss. Julaftan betyr både godteri, pakkar, tv-seriar, julenissar og juletre, og mange andre tradisjonar som varierer frå familie til familie. Nokon går i kyrkja, andre tenner lys for dei som har gått bort, medan andre går på besøk til venner og familie til faste tidspunkt. Dei fleste av oss feirar jul på tradisjonelt vis, i alle fall likar me å tru det sjølv.

 

SOM VAKSEN er det lett å tenkja tilbake på jula i sin barndom som den einaste rette måten å feira jul på. Difor leitar mange foreldre fram både «Tre nøtter til Askepott» og «Jul i Skomakergata», som dei med lengsel i blikket prøver å få sine born til å lika. Det vert liksom ikkje skikkeleg jul utan. Men mange erfarer at Knut Risan sin monolog til fine bilete og Henki Kolstad si langdrektige opning av ytterdøra ikkje gjev den julestemninga som var venta.

 

EIN TRADISJON er noko som blir ein tradisjon når ein har gjort det meir enn tre gonger. Spør ein dagens besteforeldregenerasjon så hadde dei andre tradisjonar igjen. Då landbruket var ein meir framståande yrkesveg, rydda ein gjerne kalenderen i romjula og langt uti januar for å besøka folk. Noko måtte ein jo gjera i den mørke årstida. Ein kan få inntrykk av at dette ikkje lenger har same prioritering i eit samfunn der tid er mangelvare, og der folk er opptekne med sitt heile tida.

 

DET aller viktigaste me som vaksne kan gjera, er å la julehøgtida verta ei god tid for dei små. Me må la dei få lov å laga sine eigne tradisjonar, på lik linje som mange av dagens vaksne fekk, og tora å utfordra dagens tradisjonar, som gjerne ikkje er så gamle som me trur. Først når me vågar å ta inn nye impulsar, tek ein tradisjonane inn i framtida.