Gå til artikkelen

Viktig treffstad

Publisert 28.12.2016 kl. 05.00. Oppdatert kl. 12.22.

NÅR ME går inn i 2017 er det nærmare 1.200 personar i Sunnhordland som står utan jobb. Fylkesdirektør i Nav Hordaland, Anne Bogsnes, trur ikkje me har sett toppen av arbeidsløysa. Ho reknar med eit snitt på rundt 10.000 ledige i Hordaland neste år. Geirmund Mæland, seniorrådgjevar ved Nav Stord, ser eitt visst lys i tunnelen i det lokale næringslivet frå sommaren av.

 

PÅ NYÅRET får arbeidssøkjande eit nytt lokalt tilbod i form av ein eigen kafé som blir arrangert kvar torsdag på Den blå time. Kafeen er eit samarbeid blant anna mellom fagforeiningane, Nav, Atheno, næringsliv og Stord kommune. Tanken er at kafeen skal vera ein sosial samlingsplass, samstundes som det blir eit fagleg miniseminar kvar veke. Målet er at terskelen for å komma skal vera låg, og at kafeen også skal bli ein arena for bygging av nettverk.

 

Å MISTA jobben utgjer ein helserisiko. Dei vanlegaste helseproblema er psykiske problem, men forsking har også vist at tap av arbeid også gjer auka risiko for somatisk sjukdom. Høg arbeidsløyse gjer også at enkelte hamnar heilt ut av arbeidsmarknaden og endar opp som uføretrygda. Ikkje minst er det problematisk for unge som står på terskelen til yrkeslivet, men som opplever å ikkje komma innanfor.

 

GEIRMUND Mæland seier i dagens avis at enkelte av dei arbeidslause lokalt byrjar å bli motlause, men han opplever at dei fleste er positive, med stå på-vilje, noko han gleder seg over sjå. Å skapa eit fellesskap, ein stad for praktiske råd og vink, og ein plass der ein ser at ein ikkje er åleine. Desse tinga er svært viktige for at folk skal klara å stå i den tøffe situasjonen. Me har tru på at den nye kafeen kan bli ein viktig arena.