Gå til artikkelen

Vil starta med privat ferje

Publisert 07.12.2016 kl. 05.00.

SUNNHORDLAND FERJEDRIFT AS har søkt om løyve til å starta privat ferjedrift mellom Jektavik og Sunde. Søknaden ligg no ute til offentleg høyring, blant anna i kommunane Stord og Kvinnherad, og med eit slikt løyve vil reisetida mellom kommunesentera Leirvik og Husnes bli både billegare og raskare, skal ein tru folka bak det private ferjeselskapet.

 

INITIATIVET kjem primært som følgje av at Stord og Kvinnherad ikkje klarar å bli samde om nye ferjestø, etter at Leirvik ferjekai vart lagt ned i 2000, og Skjersholmane vart nytt ferjestø, ei ordning som skulle vera mellombels. No, 16 år seinare, er ein ikkje eit steg nærare ei løysing, og med gammalt og til dels utrangert ferjemateriell, er tilbodet til dei reisande verre enn nokon gong.

 

UTSPELET frå Dagfinn Fylkesnes og hans samarbeidspartnarar må sjåast på som ein aldri så liten protest mot styresmaktene, både lokale, regionale og nasjonale, sin manglande evne til å ta tak i den mellombelse løysinga for dagens ferje. Slik reisa er i dag, er det både dyrt og tek lang tid dersom ein skal frå Stord til Husnes. Men samstundes er jo Halsnøytunnelen og Ranavik ei godt forankra løysing, både lokalpolitisk i Kvinnherad og på Stortinget. Det bør ein ikkje gløyma når ein irriterer seg over at ein må køyra over Halsnøy og betala bompengar.

 

NÅR PLANANE om ny E39 går framover for fullt, og det er lagt opp til bru over Langenuen, må ein sjå på ferjestrekninga på ny. Då vil det nok vera betre å ha ferjestø på Skorpo på Tysnes og finna den kortaste strekninga over til Kvinnherad. Det private initiativet er uansett spenstig, og om eit privat selskap ønskjer og får løyve til å driva privat mellom Jektavik og Sunde, så lyt dei få gjera det. Marknaden vil bestemma om dei skal overleva, og bilistane får fleire val.