Foto: Henrik Mundal Andreassen

Jobba her?

Her er redaksjonen i Sunnhordland. ↓

Ingvild Siglen Berger

journalist

– Eg har vore journalist i Sunnhordland dei seks siste åra. Det kjekkaste med jobben er variasjonen og alle dei ulike menneska du får møta.

På fritida likar eg meg best ute, anten på tur eller på sjøen. Elles er eg mykje med familie og gode venner.

Henrik Mundal Andreassen

journalist

– Eg byrja som pressefotograf i 2007, og blei etter kvart også skrivande journalist. Ein møter nye folk heile tida, følgjer med på samfunnet rundt oss, og ikkje minst er det masse kult fotoutstyr og nye teknologiar å følgja med på.

På fritida er det familie og venner, litteratur og film, flotte turar og naturopplevingar!

Kjetil Østrem

journalist

– Eg skulle eigentleg bli fotballproff, men snubla ved eit tilfelle inn i journalistyrket i 1997. Eit kvart århundre på nyhetsjakt er tilbakelagt, på godt og vondt.

Fritida mi går stort sett med til å gjetta neste song på P8 Pop på radioen, og elles prøva å halda ungane bak meg gjennom turløypa i Landåsen.

Tuva Åserud

fotojournalist

– Eg byrja som festivalfotograf i Finnmark då eg var 15, og fann fort ut at eg ville bli fotojournalist. Eg likar litt fart og spenning på jobb. På fritida likar eg å synga, trena og strikka. Interesserer meg også for sosiale media og sminke. Har ein katt som heiter Lilo.

Preben Ørpetveit Solberg

journalist

– Eg er blant dei nyaste tilskota i redaksjonen, men med erfaring frå andre lokalaviser.

Det kjekkaste med å vera journalist i ei lokalavis er alle dei rare og spennande historiene som du får høyra.

Eg brukar fritida på å læra meg å ikkje vera så dårleg i frisbeegolf, gaming og musikk.

Jonas Tislevoll

journalist

– Dei siste åra har eg jobba som fotograf, før eg nyleg skifta over til å jobba som journalist. For meg er mediebransjen den aller kjekkaste plassen å vera. I jobben får du variert og spennande kvardag, og plutseleg er den neste store hendinga rett rundt hjørna.

Fritida mi brukar eg til å jobba med eigne fotoprosjekt og utstillingar, noko som gjer at eg ofte er på reise. Utenom dette er eg veldig glad i 17. mai.

Mari-Anne Korsvik

papirsjef

– Eg har jobba i avisa sidan 1986, mesteparten av tida på grafisk avdeling. Begynte i redaksjonen 2020.

Er hobbybonde i Fitjar der diverse skapningar og vekster ser ut til å trivast. Har for tida lagt min elsk på dahlia.

Hilde Vormedal Nybø

nyheitsleiar

– Eg har jobba som journalist i svimlande 26 år. Som journalist er jobben å finna ut kva som skjer i eit samfunn, kva det betyr for innbyggjarane og fortelja historiene. Det er ein jobb som sjølv etter alle desse åra kjenst som eit privilegium.

På fritida har eg full rulle med ein aktiv og gøyal familie og hesten min Alou.

Vidar Hope

ansvarleg redaktør

– Eg starta journalistkarrieren i Sunnhordland som frilansar i tenåra. Eg trivest svært godt på jobb når det kokar på desken og me jobbar saman som team.

På fritida speler eg i band eller tøffar rundt i fjorden med snekka.

… og deg?

Kanskje er nettopp du den neste me vil presentera her? Ta gjerne kontakt med oss.

Avisa

Sunnhordland har halde til i Leirvik på Stord sidan 1902. I 2021 tok medie­konsernet Polaris Media over aksje­majoriteten i medie­huset. Redaksjonen er lokalisert i nyoppussa lokale i Borggata, midt i sentrum. Redaksjonen består av ti årsverk.

I Sunnhordland blir du ein del av ein samansveisa, ambisiøs og digitalt skrudd gjeng. Jakta på nyhende er kontinuerleg, samstundes som ein har spelerom til å jobba med meir omfattande saker. Kontakt oss gjerne for å høyra meir om livet i redaksjonen.

Regionen

Regionen Sunnhordland er eit eldorado fint plassert mellom Bergen og Haugesund. Her ligg kommunane Stord, Fitjar, Bømlo, Kvinnherad, Tysnes, Sveio, Etne og Austevoll. Felles for alle desse kommunane er eit spanande næringsliv og unik natur.

Stord er regionshovudstaden. Her finn ein det gigantiske Aker Solutions-verftet, høgskule, sjukehus og eit næringsliv som spenner frå leverandør­industri til variert handels­næring. Regionen har eit mylder av lag og organisasjonar som tilbyr aktivitetar for ein kvar smak.

Har du spørsmål? Skriv til oss då, vel!

Du kan også ringja ansvarleg redaktør Vidar Hope på tlf 982 42 030 og klubbleiar Kjetil Østrem på tlf 982 42 022.