annonse

100 Dagar fekk 100.000 kroner

TAKKSAM
TAKKSAM: Arrangør Håkon Vatle (t.h.) i 100 Dagar takkar Arve Havnerås i Sparebanken Vest for dei 100.000 kronene som sikrar festivalen i eitt år framover. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Henrik Mundal Andreassen

Under konsertkvelden på Handballfestivalen søndag gjekk banksjef Arve Havnerås i Sparebanken Vest på Stord, opp på scenen mellom konserten til Frida Nygård og Storm Weather Shanty Choir, for å dela ein glad nyheit.

100.000 kroner

– Håkon Vatle vil no få ein gåvesjekk til stiftelsen 100 Dagar, som me håpar kjem til å halda for mange festivalar vidare, sa Havnerås til stor jubel blant konsertgjengarane.

100 Dagar-arrangør Håkon Vatle som sjølv var i ferd med å gjera seg klar til å entra scenen med Storm Weather Shanty Choir for å halda konsert, uttrykte stor glede for pengegåva og sprang smilande opp på scenen for å takka banksjefen.

– No er me i 100 dagar sikra for i alle fall ut neste år, og me har 20 festivalar og 20 band som skal få spela for masse folk, tusen hjarteleg takk!

Handballfestivalen
Handballfestivalen: Gåvesjekken vart delt ut under konsertkvelden på skeisebanen søndag, under Handballfestivalen på Vikahaugane. Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN

Møtte utfordringar

100 Dagar er ein musikkbransjefestival som fungerer som nettverksarena for kommande band og artistar på Vestlandet, og møtte i fjor haust ei usikker framtid, etter at dei fekk nei frå Kulturrådet til å få midlar for den då kommande festivalen i januar 2017. Då etter å ha fått totalt 230.000 kroner til arrangementet mellom 2013 og 2016 frå Kulturrådet.

Dette kom som eit sjokk på Håkon Vatle og 100 Dagar, som då formidla at dei ikkje kunne garantera at det vart 100 Dagar i 2018. Det vart ein periode stor debatt rundt situasjonen, som altså no endra seg til noko positivt, etter at banken trødde til med sjekkheftet sitt.

– Skal Vestlandet behalda festivalar i framtida må me hjelpa dei. På Stord har me 100 Dagar som har hatt utfordringar med å få pengar på plass, for å gjennomføra ein møteplass for musikkbransjen. Det synest me var litt leit. Det er ikkje berre idrett som er viktig for oss, men også musikk, difor tenkte me at me ville gje dei ei gåve, seier Arve Havnerås, som elles også er økonomisjef for Handballfestivalen, og som tenkte tildelinga kunne passa fint under konsertane søndag kveld.

Les også: Usikker framtid for 100 Dagar på Stord

Les også: Våkn opp, Stord!

Les også: Stordjentene gir alt mot Askøy
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut