annonse

10CC stadfesta til festival

KJEM TIL TYSNESFEST
KJEM TIL TYSNESFEST: Bandet 10CC. (Foto: Presse)

Bandet 10CC er klare for Tysnesfest i sommar.

Ingvild Siglen Berger

Festivalleiinga er langt frå ferdige med å sleppa artistar og aktivitetar i samband med årets festival.

Siste tilskot i rekkja er bandet 10CC som kjem til Gjerstad arena 12. juli.

Det britiske rockebandet vart danna i 1972, og fekk sitt gjennombrot med parodilåten «Donna», etterfølgt av singlane «Rubber Bullets» og «The Dean and I».

Frå før er mellom andre Rotlaus, Åge & Sambandet, Marthe Wang, DDE og Skambankt stadfesta til Tysnesfest i sommar. Sistnemnde skal rocka på toppen av Tysnessåto.

– Billettsalet går som det susar om dagen! Me har aldri selt så mykje billettar pr. 24. april til nokon anna festival i historia, seier dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding.

Les også: Staute karar til Tysnesfest

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut