annonse

1700 til topps for å høyra på Skambankt

Hardrock
Hardrock: Konsert på Tysnessåto med Skambankt. (Foto: Arnhild Aas Vad)
Turvenninner
Turvenninner: Evelyn Sjo og Wenche Åse er faste gjester på konsertane på Tysnessåto. (Foto: Arnhild Aas Vad)
Tidleg på plass
Tidleg på plass: Marie Espedalen og Olav Espedalen-Skram var tidleg ute for å sikra seg god plass. (Foto: Arnhild Aas Vad)
Folk til fjells
Folk til fjells: Mange tok turen opp på Tysnessåto i det flotte vêret. (Foto: Arnhild Aas Vad)

Tradisjonen tru var det konsert på Tysnessåto.

Magne Kydland

Big Bang, Sivert Høyem og Lars Vaular er blant artistane som tidlegare har fått æra til å spela på Tysnessåto torsdagen i samband med Tysnesfest, og i år var det dei jærske rockarane i Skambankt sin tur.

Folk valfarta til fjells i det flotte vêret, og ifølgje arrangøren sleit ca. 1700 personar seg opp til 753 moh. for å høyra konserten på Tysnessåto.

Tysnesfest held fram med ei rekkje konsertar kvar kveld til og med laurdag, i tillegg til ei rekkje andre arrangement på dagtid.

Les også: Søv i papptelt og konteinarar

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut