annonse

20 band er klare

Lokale artistar
Lokale artistar: Fleire lokale band står på plakaten, blant anna Cecilie Anna som nyleg kom ut med eiga plate. (Foto: ANITA HAUGLAND)

- Det blir ei makalaus musikkhelg.

  • Ingvild Eide

26.-27.januar brakar 100 dagar nok ein gong laus, 11 år etter oppstart.

Mykje tid har gått med til å lytta og vurdera banda, før 20 vart plukka ut til å få vera med.

- Etter 10 årsjubileet i fjor og ein ny organisering av festivalen er det kjekt å sjå at det framleis er behov for ein arena for unge talent frå Vestlandet å spele på, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Les også: Her er 100 dagar sitt nye styre

Særleg nøgd er dei med den store sjengervariasjonen og lovar ei makalaus musikkhelg siste helga i januar.

Blant dei 20 banda finn me ferske lokalband som Symra frå Stord, Bømlo og Tysnes og Marion Woodset frå Kvinnherad, i tillegg til meir kjende artistar for stordabuen som Endre Olsen og Cecilie Anna.

Resten av artistane er: Sassy Kraimspri, Longfield & Super Skeleton, JON OLAV, Romskip, Pur Puré, Vrakfeber, Loui & Lexus, Vicereine, Atella, The Franklins, Taking Names, Shakai, I am K, reSouza, Vöödöö og Catnip Cloud.

Les også: Slik var sleppefesten til Cecilie Anna

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut