annonse

20 band på 2 dagar

: D´Accord frå Stord sikra seg spelejobbar under 100 dagar for to år sidan.
Arkiv (Foto: MARIUS KNUTSEN)

- Dette kan vera siste mogelegheita til å få med seg desse «up and coming»-artistane for ein billeg penge, seier Håkon Vatle.

Marius Knutsen

Musikk- og bransjetreffet 100 dagar feirar denne helga 10-årsjubileum med eit tett og innhaldsrikt program. I løpet av helga skal heile 20 band på scenen på Arena og Den blå time.
 
 
 
- Dette blir fantastisk gøy. Dette er spelesugne artistar som kjempar om å få vist seg fram for festival- og konsertarrangørar, seier dagleg leiar i Stordfest, Håkon Vatle.
 
 
 
Vatle trekkjer fram både Tommy Kristiansen og Endre Nordvik som ekstra spennande namn å få med seg.
 
 
 
- Dei har begge vore i bandet til mellom anna Kurt Nilsen. No går dei flinke musikarane solo. Elles er boy Pablo eitt heitt namn. Han er allereie booka av både Bylarm og Trondheim Calling, fortel Vatle.
 
 
 
100 dagar har allereie annonsert at dette blir den siste gongen dei arrangerer minifestivalen.
 
 
 
- Me har blitt samde om å gje oss på topp. Det er ikkje økonomi i denne festivalen, og så tek den frykteleg mykje tid å arrangera. Årets utgåve blir difor siste sjanse til å bli med på den siste dansen, seier Vatle.
 
 
 
- Korleis går billettsalet?
 
 
 
- Det har ikkje teke av. Rundt 100 har kjøpt billett til no, så det er plass til fleire. Dette kan vera siste mogelegheita til å få med seg desse «up and coming»-artistane for ein billeg penge. Til sommaren spelar dei nok på store scenar.
 
 
 
 

 
 
 
 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut