annonse

23-åring frå Sagvåg på Spotify

På Spotify
PÅ SPOTIFY: Frida Nygård frå Sagvåg har covra den kjende låten «Sweet Child O’Mine». (Foto: Privat)

Frida Nygård har spelt inn ein gammal klassikar i eit tomt symjebasseng.

Anders Totland

– Eg har alltid ynskt å nå ut til eit større publikum. Dette er eit viktig steg på vegen. Eg gjer det med skrekkblanda fryd, seier Frida Nygård i ei pressemelding.

23-åringen frå Sagvåg er aktuell med ein coverlåt av Guns N’ Roses sin klassikar «Sweet Child O’Mine», som no ligg ute både på iTunes og Spotify.

– Eg høyrer gjerne på Guns N’ Roses når eg er ute og joggar. Min versjon er derimot best eigna for den som vil lukka augo og slappa av. Eg har prøvd å få fram teksten, som er veldig sårbar, seier Nygård.

Alf Vaksdal, ein tidlegare klassekamerat av Nygård, har hjelpt til med innspelinga. Det var hans ide å spela låten inn i eit tomt bassenglokale.

Nygård fortel at tilbakemeldingane frå testpersonane hennar har vore gode, men at ho no er spent på respons frå eit større publikum.

– Å vri og vrengja på kjende songar, og laga heilt nye versjonar, er krevjande og knallkjekt, seier Nygård som mellom anna har bakgrunn frå kulturskulen på Stord, der ho lærte seg klassisk song.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut