annonse

Åge og bandet til Sunnhordland

KONSERTKLARE
KONSERTKLARE: Åge Aleksandersen og Sambandet 3570 kjem til Tysnes neste sommar. (Foto: MARTHE VANNEBO)

No er det stadfesta at Åge Aleksandersen og bandet hans Sambandet 3570 kjem til Tysnesfest neste år.

Ingvild Siglen Berger

Dei skal på turné og tek turen innom Sunnhordland. I tillegg til at Aleksandersen vert 70 år i 2019, er det også 35 år sidan hans aller største suksessplate «Levva livet» vart gjeven ut. No skal han trappa ned på konsertverksemda, og difor er det ekstra kjekt at han besøkjer Tysnesfest. Det skriv dagleg leiar Øystein Vaage i ei pressemelding.

– Me vil påstå at det ligg an til at me får den sterkaste torsdagen nokosinne under Tysnesfest. Sist Åge besøkte oss gav han oss eit fantastisk show, og me er sikre på at han kjem til å gje oss ei minst like bra oppleving denne gong, heiter det i pressemeldinga.

Til no er elles Aurora, Broiler, Ina Wroldsen, DDE, Helge Jordal, Skambankt og Kjartan Lauritzen lansert til Tysnesfest 2019.

Sjekk kva som skjer på lokale scenar her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut