annonse

All underhaldning i telt under Kanaldagane

Maritimt
Maritimt: Det er det maritime som står i høgsetet, når lokale organisasjonar inviterer til Kanaldagane i Kulleseidkanalen i september. (Foto: Arkiv)

For 18. året på rad vert Kanaldagane arrangert ved Kulleseidkanalen på Bømlo.

  • Herborg Sørli

– Også i år vil me ha all underhalding i telt. Dette vil sikra artistar og publikum mot eit eventuelt dårleg ver, opplyser presseansvarleg Kurt Inge Larsen om.

Illusjonisten Davido, bandet Gunslingers og revyartist Gunnar Andersen er blant fleire som skal stå for underhaldninga.

– Me trur me har snikra saman eit flott og allsidig program, der me no har kveldsarrangement både fredag og laurdag, seier Larsen i ei pressemelding.

På programmet står også stands, quiz og foredrag. Kanaldagane vert arrangert 6.–8. september.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut