annonse

Anders Totland får litteraturpris for boka «Engel i snøen»

Får pris
Får pris: Nynorsk barnelitteraturpris har blitt delt ut sidan 1968. I år får Anders Totland prisen. (Foto: Marius Knutsen)

Nynorsk barnelitteraturpris 2016 går til Anders Totland.

Vidar Hope

Ungdomsboka er gjeven ut på Gyldendal Norsk Forlag. Anders Totland er frå Bømlo og bur i Kvinnherad i Hordaland. Det er Noregs Mållag som deler ut prisen, og han vart delt ut for første gong i 1968. Prisen er på 30.000 kroner.

Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen har site i juryen.

– Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut 30. juni på ei markering under Dei nynorske festspela.

Dette grunngjevinga frå juryen:

Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2016 har skrive ein stillferdig ungdomsroman om eit av dei store tema i litteraturen, døden. Boka er kort og lettlesen, men forfattaren klarar å formidla mykje varme, trøyst og refleksjon i den 80-sider lange forteljinga både i og mellom linjene.

Handlinga i boka føregår på eit sjukehus der eg-personen er pasient. Me vert også kjende med fleire andre av pasientane, alle born, slik som eg-personen. Det vert ikkje sagt kva type sjukdom borna har, men det er nærliggjande å tru at det dreier seg om kreft. Skildringane og eg-personen sine tankar om kvardagen og det som skjer på avdelinga, er skildra kort og nøkternt.

Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental.

Mykje av styrken til boka ligg i alt det som ikkje vert uttalt og ikkje vert sagt. Dette gjer boka løyndomsfull og mystisk, men på ein måte som mange ungdomslesararar truleg vil vera i stand til å gripa. Der andre ungdomsbøker verkar opptekne av at det skal skje mest mogleg med eit mest mogleg ungdomsaktig språk for å halda på lesaren, held denne boka seg i stilla og ventinga. Det er flott og modig gjort, og gjennomført på ein elegant måte.

Samspelet mellom tekst og illustrasjonar i boka er med på å forsterka stemninga og kjenslene forteljinga skapar. Snø er eit gjennomgangstema både gjennom ord og bilete, som til dømes faren si forteljing om snøkrystallar som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle». Det skriv Noregs Mållag i ei pressemelding.

I tillegg til å vera forfattar er Anders Totland journalist i Sunnhordland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut