annonse

Arrangerer debatt om det frivillige musikklivet

Kulturhussjef
Kulturhussjef: Herdis Belsvik. (Foto: Arkiv)

Hordaland musikkråd skal saman med Stord musikkråd ha fagkonferanse på Stord kulturhus laurdag 21. april.

Magne Kydland

– Fagkonferansedelen vil ta for seg tema som gode nok musikklokale til det frivillige musikklivet, og musikklivet sine påverkings- og samarbeidsmogelegheiter i sin kommune. Om kvelden blir det konsert med fleire musikarar frå området, opplyser Katarina Wolff, rådgjevar i Hordaland musikkråd og Musikkens studieforbund Hordaland/Sogn og Fjordane.

Det skal også vera ein debatt om det frivillige musikklivet. I panelet sit ulike personar frå kulturlivet i fylket, mellom anna Herdis Belsvik (biletet), kulturhussjef Stord kulturhus,

Astrid Byrknes, ordførar Lindås kommune, Lennart Fjell, kultursjef Fjell kommune, Jonas Høgseth, Norsk musikkråds utval for musikklokale, Ronny Skaar, Seksjonsleiar/utviklingssjef kulturavdelinga Hordaland fylkeskommune og Iver Waage, tidl. Oslo musikkråd, skolen som kulturhus.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut