annonse

Avsluttar med skutefest i Rosendal

Skutefest
Skutefest: Kystsogevekene vert til hausten avslutta med skutefest i Rosendal. (Foto: Henrik Mundal Andreassen / illustrasjon)

Årets kystsogeveker med skutefest i Rosendal.

Magne Kydland

Kystsogevekene opnar i 2018 laurdag 4. august under den store veteranbåtfestivalen Fjordsteam i Bergen. Nytt av året vert ei offisiell avslutning under skutefesten 15. og 16. september i Rosendal i Kvinnherad kommune.

– I løpet av desse seks vekene vert det mange både små og store arrangement på både sjø og land, heiter det i ei pressemelding.

Bak arrangementa står ei rekkje ulike aktørar og for mange av desse er det no tid for å starta planlegginga av årets arrangement.

– For å koma med i programmet 2018 er innsendingsfristen 10. mai, seier dagleg leiar i Stiftinga Kystsogevekene, Kjell Magnus Økland, i pressemeldinga. På www.kystsogevekene.no finst det eige registreringsskjema for dette. Nettsida rommar også informasjon om korleis du kan søka om arrangementsstøtte frå Stiftinga Kystsogevekene.

– Det er Grieg Foundation og Stiftelsen Neptun som mogleggjer at Kystsogevekene kan hjelpa lokale arrangørar med litt direkte pengestøtte, fortel Økland.

Årets program vert ei ileggsavis i stort opplag som vert lansert i forkant av Torgdagen 9. juni. Her vil du finna informasjon om ulike kystkulturhendingar utover sommaren, som til dømes Torgdagen, Fjordsteam og sjølvsagt Kystsogevekene. Stiftinga Kystsogevekene er eit samarbeid mellom 22 kystkommunar i Hordaland og Gulen og Hordaland Fylkeskommune for å fremja kystkultur. Kystsogevekene speglar kystkultur frå alle tider, både gammal og ny. Folk får oppleva kystkultur og yrande folkeliv i mange former og uttrykksmåtar.

– Har du idear som kan bli til gode arrangement, ta gjerne kontakt, avsluttar Kjell Magnus Økland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut