annonse

Barnelåtar på nye måtar

Papagøyane
Papagøyane: Asbjørn Sundal har eit stort utval av rytmeinstrument å spela på når han og bandet Papagøyene vitjar Stord førstkommande laurdag. (Foto: Pressefoto)

Laurdag ettermiddag inviterer Stord Jazzklubb til barne- og familiekonsert på Grand Hotell. Og dagen etter vert det jazz i kyrkja.

Magne Kydland

– Når bergensbandet Papagøyene, med perkusjonist og vokalist Asbjørn Sundal i spissen, tek fram sitt store utval av spennande rytmeinstrument, kan du venta deg heftige latinamerikanske samba- og bossanovarytmar så vel som jungellydar og plystring. Kjende, omarrangerte barnesongar vert også «sprita» opp med synthlydar og rytmar frå Brasil og Karibia. Her vert det garantert mykje songglede og høg musikalsk kvalitet kombinert med nyskapande og leiken energi. Musikken er truleg godt eigna til å få fart på dansefoten, både på scenen og blant publikum, melder Stord jazzklubb i ei pressemelding.

Sundal har med seg tre musikarar til Stord; Erik Håkon Halvorsen (tangentar), Torbjørn Hillersøy (bass, vokal) og Tor Bjarne Bjelland (trommer).

– Nytt høvet og ta med borna eller barneborna dine og få med deg denne gladkonserten på Grand Hotell laurdag ettermiddag, oppmodar jazzklubben

I samarbeid med Fartein Valen Festivalen, inviterer Stord Jazzklubb til konsert med Trio Mediaeval og Mats Eilertsen Trio i Stord kyrkje sundag.

– Tittelen på konserten er Memorabilia – som tyder «ting verdt å hugsa». Kva samlar me opp og kva sit me eigentleg att med av minne, hendingar og gjenstandar i løpet av eit liv? Hugsar me og vektlegg me dei same tinga og hendingane? Kva betyr eigentleg noko til sjuande og sist? Jazzbassisten Mats Eilertsen har skrive musikken til Memorabilia. Tor Ulven har skrive tekstane. Ei vakker og spennande «kvardagsmesse» med seks framifrå musikarar vitjar Stord kyrkje, heiter det i pressemeldinga.

Sjekk kulturkalenderen i Sunnhordland!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut