annonse

Båt-konsertar på Tysnesfest

Mukti
Mukti: Stordabu Vibeke Grov «Mukti» kjem til Tysnesfest i sommar. (Foto: Tonje Fjellberg Elshaug/Presse)
Blues
Blues: Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar, skriv festivalleiinga i ei pressemelding. (Foto: Presse)

Det vert lokal musikk på fleire skip under Tysnesfest.

  • Ingvild Eide

Stordabu Vibeke Grov, går under artistnamnet Mukti og slapp sin første singel for to år sidan. Sidan då har ho hausta ros og fått speletid på radio.

Båtkonsert

Både ho og bandet kjem til Tysnesfest i år, og skal opptre ombord på MS Sunnhordland til kais i Våge laurdag 13. juli.

Grov fann musikken då livet vart snudd opp ned av alvorleg sjukdom, noko Sunnhordland tidlegare har skrive om.

Blues
Blues: Bluescruise med Big Men Bluesband er ein av Tysnesfests stoltaste tradisjonar, skriv festivalleiinga i ei pressemelding. Foto: Presse

– Med eit brennande ynskje om å inspirera og gjera ein forskjell, er det den kjenslemessige kontakten til musikken og publikum som står i fokus hos singer-songwriteren frå Stord. Musikken beveger seg innan ulike sjangrar og har eit underliggande bodskap om friheit, skriv festivalsjef Øystein Vaage i ei pressemelding.

Tysnesfest-leiinga oppdaga MUKTI på 100 dagar på Stord i vinter, og vart bergtekne av formidlingsevna hennar.

Blues

I tillegg vert det tradisjon tru «Bluescruise» med Big Men Bluesband, ombord på MS Midthordland. Båten vil ikkje berre liggja til kai, men ta publikum med på ein tur i skjærgarden, medan bluesmusikken strøymer ut.

Big Men Bluesband vart etablert hausten 2003 som Tysnes Bluesband, men av fysiske grunnar vart namnet endra etter kort tid.

– Dei har sjølv uttalt at dei er bandet med klart mest «tyngde» i norsk blues. Medlemmane er alle ihuga bluesentusiastar og spelar med stor iver og innleving, skriv Vaage.

– Bandet har spela konsert på Tysnesfest i så mange år at me kunne ikkje bryta tradisjonen i år heller!

Big Men Bluesband skal spele på to bluescruise laurdag 13. juli.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut