annonse

Bladde opp til festival

GLADE
GLADE: Roald Kaldestad (midten) er godt nøgd med gåve frå Sparebanken Vest. Her flankert av Arve Havnerås (t.h) og Svein Ottesen frå Sparebanken Vest. (Foto: PRIVAT)

Sparebanken Vest gir 200.000 til barnebokfestival.

Olav Røli

I ei pressemelding tysdag skriv Falturiltu-sjef Roald Kaldestad at dei har fått 200.000 kroner i gåve frå Sparebanken Vest. Det sikrar festivalen også i 2018 og 2019.

– Heilt sidan starten i 2007 har Sparebanken Vest vore blant dei aller viktigaste støttespelarane for verdas einaste nynorske barnebokfestival. Falturiltu takkar for raus, årviss pengestøtte og gode råd og tips. Me lovar å vise oss tilliten verdig også i framtida, skriv festivalsjefen.

Årets festival startar førstkommande helg.

Les også: Er er vinnarsongen i konkurransen Sunnhordlandslåten 2017

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut