annonse

Blæs i gang med jazzkonsert

SPELER I KYRKJA
SPELER I KYRKJA: Alverflaten Jazzband vitjar Fitjarfestivalen torsdag. (Foto: PRIVAT)
FITJARFESTIVALEN
FITJARFESTIVALEN: Denne veka er det Fitjarfestival, med bodgate, konsertar og det som høyrer med. Biletet er frå festivalen i fjor. (Foto: OLE ALEXANDER SAUE)
REGN?
REGN?: Leiaren for Fitjarfestivalen meiner det vert bra festival, trass i mogelegheiter for regn. (Foto: MARIUS KNUTSEN)

– No er me superklare for festival, seier Inger Elin Søyland Helland, sjef for Fitjarfestivalen.

Ingvild Siglen Berger

I desse dagar er det matproduksjon, førehandssal av billettar, rigging av telt og scenen i kulturhuset som står på plakaten for dei frivillige og festivalleiinga i Fitjarfestivalen.

– Me førebur det me kan, det er alltid ein del småting i tillegg, seier Helland, som fortel at førehandssalet ikkje har vore heilt på topp til no.

– Men det kjem nok litt etter kvart utover veka, vonar ho.

«Kickoff» i kyrkja

Sjølv om Arild Brakstad held førestilling i kultursalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg i kveld, er det Alverflaten Jazzband som står for den første av denne veka sine konsertar under Fitjarfestivalen.

FITJARFESTIVALEN
FITJARFESTIVALEN: Denne veka er det Fitjarfestival, med bodgate, konsertar og det som høyrer med. Biletet er frå festivalen i fjor. Foto: OLE ALEXANDER SAUE

Torsdag kveld speler dei nemleg i kyrkja.

– Dette vert «kickoffen» vår, seier festivalleiaren.

Spennande repertoar

Alverflaten Jazzband er kjende for å spela allsidig svingjazz, blues og tradjazz. Bandet, som har utspring frå Alversund Musikklag, har 30-årsjubileum i år.

Eli Simonsen opplyser at bandet under kyrkjekonserten mellom anna kjem til å spela gamle låtar frå New Orleans og gospel i eigne arrangement.

– Eg kan berre nemna «When The Saints», «Nobody knows», «He`s got the Whole World» og «When you`re smiling» i eit spennande repertoar.

REGN?
REGN?: Leiaren for Fitjarfestivalen meiner det vert bra festival, trass i mogelegheiter for regn. Foto: MARIUS KNUTSEN

Regn i helga

Tysdag såg vêrmeldinga på yr.no noko grå ut for helga, med regn både fredag og laurdag. Men det uroar ikkje festivalleiaren.

– Me satsar på at det går bra likevel, sjølv om det ser ut til å bli litt regn. Me har hatt regn på ein del av festivalane før og det går jo fint, seier Helland.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut