annonse

Bokbåten på vårtur til Sunnhordland

Bokbåt
Bokbåt: Bokbåten «Epos» har vore truga med nedlegging fleire gonger, men har klart å halda seg flytande i snart 60 år. Denne og neste veke er bokbåten på ulike stader i Sunnhordland og ytre Hardanger. Biletet er frå i fjor vår, då båten la til kai i Dåfjorden. (Foto: Marius Knutsen)

Bokbåten Epos startar vårturen i Hordaland denne veka. I alt skal Epos innom 50 stader.

Magne Kydland

I snart 60 år har bokbåten spreidd glede, inspirasjon, kunnskap og kultur. Den første turen gjekk i september 1959. Bokbåten har alltid vore godt besøkt og hatt stort utlån. Statistikken for 2018 stadfestar den gode oppslutninga. Både kulturprogramma og utlån av bøker hadde auke frå året før. Utlånet auka frå 9400 i 2017 til 9785 i 2018, og 4.510 menneske fekk med seg kulturprogramma i fjor, mot 4.324 året før, skriv Hordaland fylkeskommune i ei pressemelding.

Bokbåten Epos kjem først til den søre delen av fylket. Her skal båten innom 27 stoppestadar.

I tillegg til nye bøker og inspirerande lesetips har båten med seg eige kulturprogram.

På sørturen får me møte Sofie og Elena frå Sverige og Italia som leikar med det verbale og det musikalske språket. I programmet finn me musikk som er stille og musikk som har sterke kjensler. Nord møter sør, mørke møter lys, og dei viser korleis musikken kan skape vennskap og føre folk saman.

– Fylkesbiblioteket i Hordaland får mange gode tilbakemeldingar på tilbodet til bokbåten. Det er eit av dei mest folkekjære kulturtiltaka i fylket. Både foreldre og besteforeldre kjem med utsegn som «eg hugsar så godt då bokbåten kom då me var små, me gledde oss i vekevis». Når bokbåten legg til kai, kjem barna springande, fulle av forventing. Kulturprogramma har og hausta mange godord for den høge kvaliteten, heiter det i pressemeldinga.

Hordaland fylkeskommune finansierer bokbåten i Hordaland. Drifta blir organisert i samarbeid med Lindås bibliotek.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut