annonse

Bømlo får eigen Musikkfabrikk

NY SCENE
NY SCENE: I slutten av januar får Bømlo ny scene for livemusikk med Bømlo Musikkfabrikk. Åsmund Nesse er første artist ut. (Foto: ARKIV)

Åsmund Nesse er første artist ut på Bømlo Musikkfabrikk, som blir det nye scenen for levande musikk på øya.

Hilde Vormedal Nybø

26. januar blir det endå meir liv i Kroa senter. Då opnar er Anders Helle og Kristian Bjelland den nye musikkfabrikken, skriv Bømlo-Nytt.

– Fokuset vårt ligg i å komma med eit rikt tilbod på levande musikk. Allereie no har me mange helgar med konsertar klare i det nye året. Lista er ganske full til uti mars, seier Kristian Bjelland til lokalavisa.

Dei to kompanjongane kjenner kvarandre godt frå musikklivet i regionen. Dei har begge eit kontaktnett innan musikkmiljøet som dei vil dra vekslar når dei skal booka artistar til Bømlo Musikkfabrikk.

Lokalet har tidlegare husa Pubben, som har vore stengt sidan påsketider.

– Då me fekk sjansen til å komma på plass her inne, så venta me ikkje lenge med å slå til. Lokalet er ganske bra. Siste drivar av Pubben hadde oppgradert ein god del, og med ikkje alt for omfattande ombyggingar får me det slik som me vil ha det, seier Anders Helle.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut