annonse

Byrja med tullesongar

Tidlegare vinnar
Tidlegare vinnar: Brynjar Stautland vann låtskrivarkonkurransen Sunnhordlandslåten i fjor. I november skal ny vinnar kårast. (Foto: NILS-TORE SELE)

I fjor vann Brynjar Stautland Sunnhordlandslåten 2018 – mot alle odds.

Kjetil Østrem

– Eg gjekk på lærarskulen på Stord på 80-talet, og kunne verken syngja eller spela gitar. Studieordninga den gongen var også slik at då eg valde biologi, så måtte eg også velja musikk, fortel Brynjar Stautland.

Han hadde valet mellom gitar og piano.

– Eg fann ut at gitar var enklast – og billegast, ler Stautland.

Tullesongar

I løpet av tida på lærarskulen byrja han med å laga tullesongar som blei sunge på fest, til stor suksess. På tampen av 80-talet skreiv han protestlåten «Bømlovisa», som folk framleis kjenner til i dag. I fjor, 30 år seinare, gjekk han altså til topps i Sunnhordlandslåten 2018, med visa «Himmel og horisont», med blant andre ex-Vamp’ar Calle Apeland på bass.

– Han spurte meg ein gong om eg ville hjelpa han med eit musikkprosjekt. Då tenkte eg at eg kunne spørja han tilbake. Veldig kjekt, seier Stautland.

Ny kåring

I november ventar ny kåring av låtskrivarkonkurransen Sunnhordlandslåten. Vinnaren vil, som vanleg, få framføra låten sin for fullsett storsal i Stord kulturhus, under litteraturfestivalen Falturiltu. Festivalsjef, Roald Kaldestad, fortel om god oppslutnad rundt konkurransen.

– Me plar alltid få inn mange gode bidrag. Det svingar litt, men det meste me har fått er vel rundt 20, og bidraga kjem frå alle sunnhordlandskommunane, fortel Falturiltu-sjefen.

Historisk så er det mange bømlingar som har vunne konkurransen.

– Så no må stordabuane og dei andre mobilisera denne gongen, for å gje bømlingane litt kamp, oppmodar Kaldestad.

– Inspirasjon

Brynjar Stautland fortel at han stadig jobbar med musikk, men ikkje har ambisjonar om noko reindyrka karriere.

– Eg tek gjerne med meg nokre songar, og framfører dei i samband med eit kåseri, eller eit foredrag. Å satsa, og dra rundt på vegen og turnera er ikkje noko eg er interessert i, seier han.

Han vedgår likevel at det var smigrande å vinna Sunnhordlandslåten i fjor.

– Det var sjølvsagt ein stor inspirasjon, at eg klarte å laga noko som folk likte, seier Stautland.

Fristen for å senda inn bidrag er torsdag 10. oktober. I juryen sit festivalforfattar Marit Kaldhol, musikarane Hilde Skaar og Jørgen Sandvik og Hilde Førland Eide frå Mediehuset Sunnhordland.

Tidlegare har Runar B. Mæland, Nese Rastafari, Johanne Engevik Olsen, Åsmund Nesse, Hotel Sundal og John-Inge Rolfsnes vunne konkurransen.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut