annonse

Christine Hope kjem heim

: Christine Hope er ein av dei fire som skal bidra på sommarrevyen på Stord neste år. Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
: Karianne Solheim har vore med i sommarrevyen på Stord i fem år. Men neste år vert ho ikkje å sjå. Her frå revyen i sommar, då ho gjorde parodi på "Wrecking Ball" med Miley Cyrus. Arkiv (Foto: ANITA HAUGLAND)
: Åge Stokken kjem tilbake i år. Her frå sommarrevyen i 2011. Arkiv (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)

Det lønar seg å masa på Christine Hope. Etter ein årleg telefon i ti år, svara ho endeleg ja til å spela sommarrevy på Stord igjen.

Kjetil Østrem

– Jan Frugård har ringt meg dei siste ti åra, men eg har aldri hatt tid. Men eg bad han om ikkje å gje opp, med tanke på at det brått kunne opna seg, seier Hope til Sunnhordland.
 
 
 
Når teppet går opp 30. mai 2015 står ho på scenen på Leirvik torg saman med riksklovn Øyvind Angeltveit, musikalstjerna Sigurd Sele og verdens løgnaste sagvågar, Åge Stokken.
 
 
 
Neste sommar er det 13 år sidan Hope spela «ordinær» sommarrevy på heimebane. Det skal likevel seiast at ho bidrog i 2010, saman med parhesten Ina Breivik. Men då var det Bjørn Jensen, Sigrid Bonde Tusvik og Linda Mathala Johansen som var dei berande elementa i revyen.

– No passa det

I år var det produsent og regissør Sigurd Sele, og ikkje Jan Frugård, som tok telefonen til Hope. Og fekk ja.
 
 
 
– Eg har alltid tenkt at eg SKAL tilbake ein gong, og no passa det. Arrangøren har fått på plass ei profesjonell ramme som lovar veldig bra.
 
 
 
Det gjorde heller ingenting at Sigurd Sele også har fått med seg Øyvind Angeltveit og Åge Stokken på laget.
 
 
 
– Eg har alltid likt å spela saman med Øyvind. Samstundes veit eg at både Sigurd og Åge er knallbra.
 
 
 
Hope blir dermed revyen sitt kvinnelege alibi, utan at ho stressar seg opp over det. Snarare tvert imot.
 
 
 
– Eg blir jo einaste høna i korga, ja, så det blir jo flott. Ingen flotte damer som stel rampelyset frå meg, seier Hope i kjend stil.

Gjev gass på nyåret

Neste års sommarrevy blir Sigurd Sele sin tredje strake i sjefsrolla. Han har alt byrja å gle seg.
 
 
 
 
LES OGSÅ: Dette meinte Sunnhordland om revyen i 2014
 
 
 
 
– Me har landa ein strålande gjeng. Det er fantastisk kjekt å få med seg lokale folk som har vore ute i verda og underheldt med stor suksess, seier Sele.
 
 
 
Han fortel at arbeidet med revyen alt er i gang.
 
 
 
– Eg hadde eit møte med kapellmeister Frode Hammersland tidlegare i veka, og skal møta Øyvind i dag. Men me bikkar nok nyåret før me gjev gass for alvor, opplyser han.
 
 
 
Sele er mest kjend som seriøs musikalstjerne, blant anna frå DNS i Bergen. Men han storkosar seg også med sommarrevy, eit konsept med litt lausare snipp enn han er van med.
 
 
 
– Veldig mange har teke kontakt med meg og sagt at dei endeleg kan gå på revy, og le og kosa seg av lokale poeng, og vera kry, utan å bli bombardert med underbuksehumor. Den kursen har vore ein suksess så langt, og me skal prøva å halda oss til den, seier Sele.

13 kveldar

Dagleg leiar Geir Kannelønning bokførte 5.000 revygjester i sommar. Han håpar å kunna begeistra like mange til neste år.
 
 
 
– Utover premieren den 30. mai skal me spela seks helger - totalt 13 kveldar. I tillegg opnar me for ekstraframsyningar på torsdagar. I år hadde me tre ekstraframsyningar, fortel Kannelønning.
 
 
 
Den vakne lesar har sikkert registrert at humor- og sambuarparet Karianne Solheim og Nils Trygve Markhus frå Kvinnherad er ute av kabalen.
 
 
 
– Synd, sjølvsagt. For dei to har vore heilt fantastiske for oss fem år på rad. Men eg går likevel ikkje av vegen for å beskriva den nye gjengen som den beste nokosinne, seier Kannelønning.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut