annonse

Dei første banda klare

Til fjells
Til fjells: Bigbang blir bandet som til sommaren får æra av å spela framfor fleire tusen publikummarar på Tysnessåto, 753 meter over havet. (Foto: Jonathan Vivaas Kise)

Bigbang med «To the mountains» på toppen av Tysnessåto til sommaren.

Magne Kydland

– Etter ein lang haust er me endeleg i gang med å sleppa artistar. Her kjem eit knippe fantastiske kvalitetsmusikarar som vil gje publikum både gåsehud, rockefot og godkjensle. Det er kanskje ekstra stas å kunna invitera til konsert med Bigbang på Tysnessåto. Her ser me ikkje vekk frå at det vil bli nok ein publikumsrekord, og tittelen på ein av dei mest kjende låtane deira, «To the Mountains» passar jo perfekt, seier ein nøgd dagleg leiar Øystein Vaage i Tysnesfest.

I tillegg er Gåte og Adam Douglas klare for Sunnhordlands største festival, som i sommar selde over 30.000 billettar.

2.400 av desse tok turen opp på Tysnessåto (753 moh.) for å høyra på Sivert Høyem.

– Øystein Greni og hans Bigbang er utan tvil eitt av dei største livebanda me har i Norge. Det blir ikkje mange mogelegheiter til å sjå Bigbang på scenen i 2018, men her på Tysnes byr me faktisk på to konsertar. Bandet blir årets artist på Tysnessåto, og seinare på dagen kan du sjå dei på scenen på Gjerstad, fortel Vaage.

Gåte med comeback

Det er no 12 år sidan Gåte «gav seg», men no er dei tilbake i full vigør.

Gåte blei starta av søskenparet Sveinung og Gunnhild Sundli i 1999. Dei gjorde seg raskt kjende ved å kombinera norsk folkemusikk med eksplosiv og progressiv rock. Spesielt på byrjinga av 2000-talet, då dei gjennom spektakulære konsertar, to studioalbum, to EP-er og eitt livealbum, gjorde stor suksess. Dei selde meir enn 100.000 album, gjekk til fyrsteplass på VG-lista, og blei tildelt fleire prisar, deriblant Spellemann- og Prøysenprisen.

Les også: Sivert Høyem blei eit høgdepunkt på Tysnessåto

– Søskenparet har ei solid forankring i folkemusikken. Det er difor naturleg for dei å fortsetja å bygga musikken rundt gammalt tradisjonsmateriale. Samtidig har det meldt seg eit behov for å skape noko heilt nytt. Det nyskrivne materialet er sterkt inspirert av gammalt tradisjonsmateriale, slik at nytt og gammalt kan gå hand i hand og skli naturleg inn i eit felles «Gåte-univers», seier Vaage.

Vann Stjernekamp

Over éin million sjåarar fekk med seg finalen i årets «Stjernekamp». Den vart vunnen av Adam Douglas. Han er den tredje artisten som så langt er booka til Tysnesfest i 2018.

– Eit sjeldan særpreg kjenneteiknar Adam sin musikk og fantastiske stemmeprakt, kor ein fort for assosiasjonar til dei ekte soul- og bluesrøtene i hans heimland USA. Med sin singer/songwriter-bakgrunn frå USA, har han spela og samarbeida med mange internasjonale storheiter som Jon Bon Jovi, Larry Carlton, Robben Ford og Michael Landau. Også fleire norske artistar i toppsjiktet, som Marit Larsen, Frode Alnæs og Vidar Busk, har hatt den store gleda av å samarbeide med stjerneskotet, seier Vaage.

Sjekk kulturoversikta i Sunnhorland!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut