annonse

Dei må klara seg sjølv til hausten

MÅ FINNA LØYSING
MÅ FINNA LØYSING: Stord kommune vil betala husleiga på kaien ut oktober, men stiftinga som driv Stord Maritime Museum er nøydde til å skissera ei ny organisasjonsform, som inneber mindre kostnader for kommunen. (Foto: Arkiv)

Stord kommune betalar husleiga for Stord Maritime Museum (SMM) fram til 13. oktober.

Magne Kydland

Føresetnaden for vedtaket, som vart gjort i kommunestyret i dag, er at leigeavtalen på Nattrutekaien blir sagt opp innan utgangen av oktober, og stiftinga får frist til 1. oktober med å skissera eit alternativt driftsopplegg.

Dermed er ei lang og lei sak for politikarane over, og det var til slutt eit samrøystes kommunestyre som til slutt samla seg om eit nytt vedtak sydd saman av fleirtalskoalisjonen.

I vedtaket heiter det mellom anna at «kommunestyret føreset at eit slikt opplegg omfattar eit betydeleg redusert kommunalt tilskot, og at det i tillegg til budsjett skisserer eit opplegg for fagleg og administrativ tilknyting og trong for deponi. Stord kommune kan vurdera å medverka til å sikra deler av samlingane gjennom å stilla til rådvelde deponi. SMM må også tydeleggjera kva som skal inngå i samlinga, kva som vil bli presentert for publikum samt kva del av historia som vert formidla».

Vidare ber kommunestyret SMM om å vurdera grunnlaget for stiftinga og gåva frå Oma-familien på bakgrunn av at det ikkje lenger ligg føre eit samarbeid med Sunnhordland museum. Stord kommune er opne for å vurdera anna framtidig organisering enn dagens eigarstifting.

– Stord kommune er, som vertskommune for Sunnhordland museum, oppteken av at museet har tenlege rammer for drift og utvikling. Kommunestyret er innstilt på å vidareføra driftsstøtta på dagens nivå, tilsvarande øyremerkte tilskot til stilling som museumsrådgjevar. Stord kommune vil utmåle framtidig generelt driftstilskot til museet ved rullering av framtidige budsjett og økonomiplanar. Stord kommune er svært nøgd med at fylkeskommunen vil gå gjennom drifta av Sunnhordland Museum som grunnlag for å vurdere tiltak for ei monaleg styrking og utvikling av organisasjonen. Kommunestyret oppmodar om at det blir etablert nye samarbeidsformer med det profesjonelle regionale museet der det vert utvikla gode lokale ordningar for frivillige som arbeider med kulturhistorisk samlingsarbeid. Kommunestyret er oppteken av at vår maritime og industrielle historie vert synt fram i full breidde på Stord, og ønskjer å bidra konstruktivt til dette, står det i det endelege vedtaket.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut