annonse

Denne veka spelar dei konsert på Mehammer

Konsert
Konsert: Songar Elin Furubotn og Torbjørn Økland (Ex. Vamp, no Blest) opptrer på Galleri Borghild 7. mars. (Foto: Pressefoto)

Torsdag vert det meir enn berre måleri på Galleri Borghild.

Magne Kydland

Elin Furubotn har med seg ein av landets beste gitaristar, nemleg Torbjørn Økland. Økland har ein unik evne til å framheva Furubotn sine songar med uttrykksfulle mandolin/gitar, kor og trompet klangar, og det er tydeleg å sjå at dei kosar seg på scenen og legg vekt på god kontakt med publikum. Elin spelar sjølv gitar og syng og skriv alle låtane sjølv. Tekstane hennar er lett attkjennande og handlar stort sett om kvardagen. Ho serverar både humor og alvor for sitt lyttande publikum, som gjerne set igjen med ein sjeldan god oppleving etter Furubotn sine konsertar, skriv gallerist Borghild Haga Seim i ei pressemelding.

Elin Furubotn har lang fartstid som artist og låtskrivar, og har hatt mykje radioinnspeling på NRK P1 dei siste ti åra.

I 2014 gav ho ut album med Stavanger Symfoniorkester, der duetten «Så lett det kan ver» med Morten Abel, vart ein stor radiolåt. Hausten 2017 gav ho ut sitt sjuande album, «Ikkje gå deg vill»

I 2013 fekk ho også ein Indie Award (internasjonal pris) i USA for beste plate i hennar kategori. Forutan å turnera i Norge har Furubotn hatt stor konsertproduksjon også i Tyskland.

Få med deg kva som skjer på kulturscenane her!

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

annonse

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut