annonse

Dette bandet «vann» 100 dagar

Imponerte
Imponerte: I am K, med vokalist Oda Ulvøy i front, får prøva seg på ei rekkje festivalar, som følgje av innsatsen på 100 dagar sist helg. (Foto: Peter Tubaas / 100 dagar)
Sjef
Sjef: Jostein Sydnes har hatt styringa på 100 dagar 2018. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Av dei 20 banda som fekk prøva seg på 100 dagar, sjarmerte I am K mest.

Vidar Hope

Bransjefestivalen 100 dagar samla rundt 500 publikummarar fredag og laurdag. På scenen stod 20 band som skulle overtyda festivalarrangørar om at dei bør spela på festival til sommaren.

«100 dagar leverer høgt tempo, høg puls og høg kvalitet. Av desse artistane vart I am K vald som vinnar av Vestlandssatsinga 2018. Og for ein konsert dei leverte. Bandet gjekk av scena alt klokka 20.30 på laurdagen, og etterlot seg eit måpande publikum. Ingen tvil. I am K kjem til å klatra seg kjapt opp blant landets mest interessante band. 2018 er deira år», skriv festivalleiar Jostein Sydnes i ei pressemelding.

Les også: 100 dagar-band fekk prøva framtidas festivalcamp

Han legg til at I am K representerer ei moderne og smart tilnærming til musikkfaget.

«Melodisk pop, sylskarp elektronika og treffsikker rock sys elegant saman. Ryddig kompleksitet, kvalitet i alle ledd og ingen sjangebegrensingar. Og denne våren kjem debutplata «Humans». Lyskannene er verkeleg retta mot I am K dette året», skriv Sydnes.

Sjef
Sjef: Jostein Sydnes har hatt styringa på 100 dagar 2018. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Vestlandssatsinga, med sitt utspring i 100 dagar, er eit talentbyggingsprosjekt. Her samlar fleire arrangørar seg rundt eit band ein ønskjer å gi eit karriereløft.

– Festivalane tilbyr totalt sett enormt viktig erfaring frå festivalspeling, honorar, og eit trailerlass merksemd. CV-pimping delux! Og ikkje minst; dei får vist seg for eit svært og breitt publikum sommaren igjennom. Ta I am K godt imot, dei kjem nemleg for å bli, skriv Sydnes.

Les også: Signe og Ola storkosa seg på 100 dagar

Musikkfest Stavanger, Utkantfestivalen, Malakoff, Tysnesfest, Vikedal Roots Music Festival, Fest i Vest, Mablis, Skral Festival, byLØRDAG av Bergen Sentrumsforening, Skånevik Bluesfestival, Den Festivalen i Vangen og Festidalen er med på Vestlandssatsinga 2018.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut