annonse

Dobbel dagkonsert i viseklubben

På heimebane
På heimebane: Kambourines, med Ragnhild Kambo Grov og Endre Olsen, spelar på Olsen & Jensens viseklubb laurdag ettermiddag. (Foto: Marius Knutsen / arkiv)

Komande laurdag inviterer Olsen & Jensens viseklubb til dobbel dagkonsert på Osvald pub.

Magne Kydland

– Eit par stemningsfulle timar i akustisk alternativ folk-landskap står på programmet når Kambourines og Daelen kjem saman for å letta litt på november-børa. Bak artistnamnet Daelen står hønefossingen Marte Dæhlen, som skriv uimotståelege songar rotfesta i amerikanske tradisjonar. Denne hausten er ho endeleg aktuell med debutplata si «Easy Version», skriven i Nashville og spela inn i Bergen hjå Petter «Sgt Petter» Folkedal. Med seg til viseklubben denne ettermiddagen har ho utflytta fitjarbu Liv Inger Engevik på bass/kor og Hilde Zwaig Kolstad på fele/kor, heiter det i ei pressemelding.

Kambourines består av grovarane Ragnhild Kambo Grov og Endre Olsen, som no etter kvart har sunge saman i ein knapp mannsalder. Dei skriv songar med klar inspirasjon frå begge sider av Atlanteren og syng dei med vindtette Everly-nikkande harmoniar. Etter ein god periode prega av barnestell og diverse andre prosjekt har 2017 markert ei musikalsk heimkome for dei to, med høvesvis hyppige spelejobbar på festivalar og viseklubbar.

Kulturkalenderen i Sunnhordland

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut