annonse

Du kan nominera din kandidat

KLARINETTFANTOM
KLARINETTFANTOM: Sina Amalie Hauge (16) fekk Drømmestipend i fjor. (Foto: MARIUS KNUTSEN/ARKIV)

I 2019 må ein vera fødd mellom 1999 og 2006 for å kunna bli nominert til Drømmestipendet.

Ingvild Siglen Berger

Drømmestipendet består av 100 stipend på 15.000 kroner kvar, til saman 1,5 millionar kroner. Det er Norsk kulturskoleråd og Norsk Tipping som deler ut stipenda, og no kan du nominera din kandidat.

Gjennom stipendutdelinga ønskjer dei å synleggjera kommunane sitt arbeid for barn og unge. Håpet er at Drømmestipendet skal vera til verdifull inspirasjon og eit viktig bidrag til å oppfylla mange unge kulturutøvarar sine draumar.

Kvar kommune kan nominere så mange dei ønskjer, anten enkeltpersonar eller grupper innan kvar av desse kategoriane:

– Dans

– Musikk

– Skapande skriving

– Teater

– Visuell kunst

– Sirkus

– Anna/open klasse

– Ein treng ikkje vera elev i kulturskulen for å søkja om å bli nominert, opplyser Anne Lene Østvold Jordåen, rektor i Stord kulturskule.

Rektoren melder at interesserte kan ta kontakt med henne for meir informasjon.

Stord kommune har frå før fått tildelt fem Drømmestipend. Det første gjekk til Tina Presthus, fiolin i 2008. Deretter fekk Fridar Arnar Malmsten Steinkopf stipend i kategorien «anna/open klasse» i 2015. Robert Gloppholm Sylta, trombone, og Jan Anders Presthus, dans, fekk begge stipend i 2016 og i 2018 fekk Sina Amalie Hauge, klarinett, stipend.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut