annonse

– Eg gler meg veldig

GLER SEG
GLER SEG: Festivalforfattar Per Olav Kaldestad gler seg til den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu byrjar 4.–11. november. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
SONG-FUGLAR
SONG-FUGLAR: Saman med elevar frå Leirvik skule framførte festivalleiar Roald Kaldestad Falturiltu-songen då festivalprogrammet blei sleppt onsdag. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
ELSKAR FUGLAR
ELSKAR FUGLAR: Festivaltemaet i år er svev og stev. Det passar fugleinteressa til festivalforfattaren bra. (Foto: MARIUS KNUTSEN)
Desse møter du på Falturiltu 2017

Per Olav Kaldestad var med å starta barnebokfestivalen for 11 år sidan. I år er han tilbake som festivalforfattar, mektig imponert over korleis festivalen har vakse.

Marius Knutsen

– Atle Hansen, Helga Eriksen og eg var med å starta nynorskfestivalen for mange år sidan. Sjølv gav eg meg etter to år. Når eg no ser kor flott festivalen har blitt, må eg seia at eg er imponert. Det er eit mykje større mangfald no. Alt frå bøker til konsertar, og dei siste åra har det også vore Stallturiltu og Ballturiltu. Det har blitt ein stor festival, seier Per Olav Kaldestad.

– Kjekt

Han er glad for å få vera festivalforfattar når den 11. utgåva av den nynorske barnebokfestivalen Falturiltu går av stabelen i 4.–11. november.

– Eg trur det blir veldig kjekt. Eg gler meg veldig, smiler Kaldestad.

Les også: Falturiltu speidar etter nye låtskrivarar

Årets festivaltema er svev og stev.

– Det er nok mykje grunna den store fugleinteressa mi. Eg har vel alltid vore interessert i fuglar. Eg hugsar eg var misunneleg på desse skapningane som svevde omkring då eg var liten. Likevel var det først då eg byrja å skriva for born eg byrja å skriva om fuglar, legg Kaldestad til.

SONG-FUGLAR
SONG-FUGLAR: Saman med elevar frå Leirvik skule framførte festivalleiar Roald Kaldestad Falturiltu-songen då festivalprogrammet blei sleppt onsdag. Foto: MARIUS KNUTSEN

I rute

Trond Leirvik Onarheim sit som arrangør saman med sonen til Per Olav Kaldestad – Roald Kaldestad, og Jane Cathrin Særsten Junger, Hege Myklebust og Anna R. Folkestad.

– Me er veldig bra i rute. Truleg betre enn nokon gong. Me byrjar å bli rutinerte, smiler Leirvik Onarheim.

Les også: Linda Eide lagar språkshow på Falturiltu

Han er nøgd med programmet dei har fått til i år.

– Eg føler me har fått til eit veldig allsidig program. Det er jo eigentleg ein barnebokfestival, men dei siste åra har også dei vaksne byrja å stilla krav, fortel Leirvik Onarheim.

Utseld

I tillegg til festivalforfattaren, kjem mellom andre forfattaren Maria Parr, visesongaren Stein Torleif Bjella og humoristen Linda Eide.

– Showet med Linda Eide er allereie utseld. Det trur eg folk gler seg til. Ekstra kjekt for stordabuane er det jo at Kari og Selma Lønning Aarø blir med, fortel Leirvik Onarheim.

Les også: Stein Torleif Bjella opnar Falturiltu

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut