annonse

– Ei eldsjel som brenn for dei svakaste

Heider
Heider: Gjennom arbeidet sitt har ho synt både mot, viljestyrke og fagleg kompetanse om Hilde Reikrås sitt arbeid i «Dark Room»-sakene. (Foto: PRIVAT)
VINNARAR AV TORA MOSTRASTONG­PRISEN

«Dark Room»-leiar Hilde Reikrås får Torastatuetten 2018.

Hilde Vormedal Nybø

– Gjennom sitt arbeid i Bergens-politiet har ho stått sentralt i den største overgrepssaka i Norge. I lang tid har ho leia etterforskinga av pedofile nettverk som har fått namnet «Operasjon Dark room». Etterforskinga har både avverja og avdekt seksuelle overgrep mot barn og unge og skapt stort fokus i media og i det offentlege rom. Hilde Reikrås er ei eldsjel som brenn for dei svakaste, tar dei på alvor og viser handlekraft. Ho har og avdekt at overgrep skjer i alle samfunnslag her i Norge med forgreiningar til utlandet, skriv Foreninga Tora Mostrastong i grunngjevinga for valet.

Fleire prisar

Hilde Reikrås er også kåra til «Årets hordalending 2017».

– Gjennom fleire år har ho arbeid med å avdekkja nettverk som systematisk organiserer og distribuerer overgrep av barn på nettet. Ho såg snart at dette var eit langt større problem enn dei fleste kunne førestilla seg. Gjennom arbeidet sitt har ho synt både mot, viljestyrke og fagleg kompetanse. Innsatsen hennar har ført til at mange saker har blitt rulla opp og planlagde overgrep har vorte avverja, heiter det i pressmeldinga.

Tora Mostrastongprisen skal tildelast kvinner som over tid har synt stor vilje og evne til positiv samfunnsinnsats – lokalt, nasjonalt eller internasjonalt. I vedtetektene står det at styret vil leggja vekt på eigenskapar som styrke, mot og omsorg, arbeid for menneskerettar og likeverd, innsats som kulturberar og samfunnsbyggjar og evne til mellommenneskeleg forståing og toleranse.

Blant dei tidlegare vinnarane er kronprinsesse Mette-Marit (2009) og Ada Sofie Austegard (2017).

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut