annonse

Endeleg inne i bobla

Praten
Praten: Ingvild Lothe. (Foto: HENRIK MUNDAL ANDREASSEN)
Fredagspraten

Eit intervju med Ingvild Lothe (27) kan fort pensa inn på erotiske noveller, heimelaga tatoveringar, hekseri – og dritjobbar.

Kjetil Østrem

– Eg hadde ei opplesing i Oslo nyleg, der eg las opp to erotiske noveller eg skreiv som 12-åring. Det var nokre lokale namn inni der, og. Reint litterært så var det rimeleg slett handverk. Men eg skjemst ikkje over det. Eg var 12.

Den kritikarrosa forfattaren Ingvild Lothe frå Stord sit ytst på stolen på kafeen i Leirvik, med ein kopp svart kaffi i handa. Ho har vore heime på Stord for å ta imot den såkalla Gode føremål-prisen på 15.000 kroner, delt ut av kollega Ragnar Hovland på barnebokfestivalen Falturiltu.

Det er eitt år sidan Lothe debuterte med diktsamlinga «Hvorfor er jeg så trist når jeg er så søt» på Kolon Forlag. Eg-et er ei ung kvinne, og stemninga er mørk, rå og brutal – men også humoristisk. Blant dikta, som har hausta fleire tusen likes på sosiale media, er dette det mest populære:

Da jeg sa jeg var et dyr i senga
mente jeg dovendyr

– Eg har jo eit mørkt sinn, seier ho, og smiler under den lyse luggen.

Ho er rask med å understreka at diktsamlinga ikkje er sjølvbiografisk.

– Boka byr nok på innslag av både eigne, og venninnene mine, sine erfaringar. Eg har forsøkt å laga eit portrett av ei ung kvinne, og så får folk tolka det som dei vil.

Boka fekk stor merksemd og har komme i fleire opplag. Lothe har reist land og strand rundt på opplesingar. Ho har også delteke i debattar og feminisme og seksualitet. No er debuten også seld til Tyskland og Sverige, og kanskje blir det også noko av danske Gyldendal.

– Eg hadde ikkje venta meg dette i det heile. Dikt pleier jo ikkje akkurat å slå an. Men eg blir sjølvsagt både takksam og glad.

Lothe har også blitt kontakta av masse unge jenter, både på epost og Facebook, som har opplevd kjipe ting.

– Eg føler meg stundom som ein hobbypsykolog, seier ho.

– Klarar du å hjelpa folk, då?

– Tja, i så fall er eg veldig takksam. Eg prøver å gje gode råd. Sjølv plar eg skriva lange lister om kva som hjelper meg, om eg har ein dårleg dag. Det er eit tips som funkar for meg, og som eg har delt.

Ingvild Lothe er oppvaksen på Hystad, som «driten i midten», som ho seier sjølv, mellom to brør. Ho beskriv barndommen på Stord som fin. Men ho følte tidleg at ho var litt «litt utanfor og rar», som ho beskriv det sjølv.

– Alle spela handball og fotball. Det interesserte ikkje eg meg for. Til gjengjeld så las eg veldig mange bøker. Og så skreiv eg dagbøker i alle år. Eg har alltid likt å skriva, og eg skreiv litt kvar kveld. Der står det ganske mykje rart. Eg har teke vare på alle saman. Eg har dei i ein boks. Dei er hemmelege.

– Kva skreiv du om?

– Eg skreiv om kjensler, filosoferte over ting.

– Du var eit tenkjande barn?

– Ja, eg var nok det.

Men 27-åringen dreiv også med idrett. Lothe var ein ivrig symjar i oppveksten. Ho byrja tilmed på idrettslinja då ho starta på vidaregåande, men flytta raskt over til ålmennfag.

– Eg gav meg med symjinga. Eg låg liksom sånn midt i laget. Aldri best, men heller aldri dårlegast. Eg innsåg uansett at eg aldri kom til å bli noko symjestjerne. Viss eg ikkje er best, så gidd eg ikkje. Så eg slutta, fortel ho.

På vidaregåande skule var ho veldig sterk fagleg, og hausta berre femmarar og seksarar. Ho syntest ting var veldig lett. Men så skjedde det noko.

– Eg mista motivasjonen totalt, eg skulka timar og fråværet berre hopa seg opp. Eg kjende meg veldig demotivert og trøytt heile tida.

– Kva gjorde du på då du ikkje møtte opp til undervisninga?

– Eg var på skulen, reint fysisk. Berre ikkje i klasserommet. Eg var anten i kantina, eller i biblioteket.

– Var det ingen som lurte på kvar du var?

– Nei, ingen. Det var ingen som spurte om det gjekk bra med meg. Eg har mange dårlege minne frå vidaregåande, innrømmer ho.

Så, i april, like før eksamen i tredje klasse, så droppa ho ut.

– Eg orka ikkje meir. Eg ville berre ut. Eg såg på fråværet mitt og såg raskt at vitnemålet mitt ikkje kunne brukast til noko, uansett. Eg trur eg valde feil løp, feil skule. Eg burde ikkje gått på Stord vidaregåande skule. Men Stord er ein liten plass, og det var ikkje flust med alternativ.

Då ho droppa ut av skulen var ho rask med å flytta vekk frå øya, til Oslo. Ho fortel om eit liv med lite utdanning, eit liv i kollektiv – og mange strøjobbar for å få hjula til å gå rundt.

– Herregud, eg har hatt mange dritjobbar, seier ho og ristar på hovudet.

– Jaha?

– Eg hang jo litt på Blindern og tok nokre førelesninger. Utanom det så jobba eg litt frilans, på barar og vaska på sjukeheimar, medan eg prøvde å få ting til å gå opp. Til tider var eg dritlei, stressa og sliten. Eg visste vel ikkje heilt kva eg ville i livet mitt. Men dette var heilt vanleg blant venene mine, smiler ho.

Vendepunktet kom då ho søkte på forfattarstudiet i Bø i 2014. 200 søkjarar, men berre 12 plassar. Lothe trekte vinnarloddet til det populære årsstudiet.

– Eg sende inn ein 15 sider lang skjønnlitterær tekst, og blei valt ut til ein plass.

Her hadde ho null fråvær.

– Studiet er berre eitt år, og det er veldig intenst.

Ved årsslutt gav studentane ut ein antologi. Som følgje av den blei Lothe kontakta av tre forlag. Eitt av dei var Kolon, og forlagssjef Bjørn Aagenæs.

– Eg kjende jo til Bjørn, og visste at han var veldig dyktig, etter å ha vanka litt i litteraturmiljøet i Oslo.

Der dei andre forlaga var sånn «Me vil du skal skriva ein roman» så spurte Aagenæs om følgjande: «Kva har du lyst til å gjera?»

– Eg har eit forlagshus, og det er heilt fantastisk. Men eg har alltid visst at eg kom til å klara det, på eit vis.

No står ho opp, set på kaffi, høyrer på P2 ein times tid, les eit par timar. Så skriv ho. På fritida går ho tur, syklar, besøkjer venninner, drikk vin og reiser.

– Eit veldig deilig liv. Eg har ikkje alltid hatt det sånn, for å seia det slik. Det har teke lang tid å koma hit. Heldigvis er eg sta.

Lothe går for tida svanger med ein roman, som er venta neste år. Stikkord er havfruer, mytologi, flyktningar, død – og eit dysfunksjonelt forhold.

– Det er ein veldig god ide. Eg er fødd i fiskane, og me skal visstnok vera både følsame og fantasirike. Eg trur både på hekser og astrologi.

– Hekser?

– Ja. Bestevenninna mi er heks. Far hennar er frå Afrika, og ho praktiserer voodoo.

– What?

Lothe ler.

– Jo, det er sant. Ho budde saman med ei jente, og blei behandla veldig dårleg. Ho stakk nåler gjennom ei dokke, og rett etterpå fekk mor til den andre jenta hjarteinfarkt. Det er heilt sant.

– Du trur på hekser. Trur du på Gud?

– Ja, eg har lese både Bibelen og Koranen. Eg er veldig nysgjerrig. Etter mi meining er ateisme like dumt som religiøs radikalisme.

På den høgre overarmen skimtar me litt av ein tatovering. Tre små ord. «Hun er fri».

– Det er ein Raga Rockers-tittel. Det var ein venninne som laga denne. Ho har tatoveringsutstyr heime, så me tenkte «kvifor ikkje?». Men det var ein del cava involvert, då.

Lothe er ferdig med kollektivlivet. Eit langt sambuarforhold tok nyleg slutt, og snart flyttar den nysingle 27-åringen inn i ein ny leilegheit på Frogner i Oslo. Heilt for seg sjølv.

– Det er 3,5 meter under taket. Det skal bli deilig, smiler ho.

No er ho verkeleg fri. Til våren skal ho laga reisedokumentar for NRK P2. Ho skal gå frå København til Paris, og intervjua folk på vegen.

– Vel framme skal eg ta innpå eit fem stjernes hotell, bestilla full massasje, barbera leggene, sminka meg – og gå og eta ein sjurettars i ein dyr kjole og dyre sko.

Intervjuet går mot slutten. Nattoget ventar. Oslo neste.

Så seier ho:

– Men, du. Den erotiske novella? Vil du verkeleg ikkje vita namna? ler Lothe.

– Jo, sjølvsagt.

– Ein av dei handla om Njål Hagen Holsvik og Morten Hillestad. Eg gjekk i klassen deira på barneskulen. I den eine novella er dei faktisk saman. Som eit par. Eg skulle jo sjølvsagt ha sendt ho til dei. Men eg veit ikkje om eg tør.

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt navn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på sunnhordland.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.

Vil du ha nyheitsbrev frå Sunnhordland?

* må fyllast ut